Verdas undergang

This content has been archived. It may no longer be relevant

Det er ikkje noko vi kan gøyme oss bak, ingen uforklareg kraft eller noko i det mystiske univers som vi menneske ikkje har nokon makt over. Klimakrisa er realitet og vi kan allereie sjå konsekvensar av ho, skal vi tru del 1 av FN sin klimarapport nr 5. Tendensen er tydeleg, det er det massive forbruket til dei rikeste landa som no rammar dei fattigste landa hardast.

2 graders-målet

På klimakonferansen i 2009 i København bandt Noreg seg til 2 graders-målet. Det er ei grense, ein slags “deadline” som betyr at om gjennomsnittstemperaturen i verda aukar med berre 2 grader celsius vil konskvensane vere så store at det ikkje går an å reversere prosessane og oppvarminga vil skje fortare på mindre tid.

I forbindelse med sendinga om verdas undergang snakka MIR med Svend Søyland, seniorrådgivar for Bellona innanfor internasjonal energi- og klimaspørsmål:

– Vi snakker om en utvikling som er selvsterkende, vi mister kontroll over det. Om vi blir sen med å få til kutt, har vi forspilt muligheten vår til å klare å dempe klimaendringene.

For å klare dette er tala Søyland bruker at vi må  ha kutta nesten all utvinning av CO2 innan 2050.

Hør intervjuet med Søyland:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/10/SvendsoylandNETTSAK.mp3]

Kyotoavtalen = 5% av verdas utslepp

11.november i år skal verdas 19. klimakonferanse avholdast. Til tross for dei 18 tidlegare forsøka, har ein berre greid å lage ein einaste bindane avtale, nemleg Kyoto-avtalen frå 1997. Den skulle orginalt berre vare fram til 2012, men blei utvida til 2020. Søyland peker på det faktum at til tross for all fakta vi har og den korte tida vi har for å få gjort noko på, er ikkje dei store forurensande maktene med på avtalen. Korkje USA, Russland, Canada eller Japan er med, noko som vil seie at avtalen som ligg fram no
kun omfattter 5% av verdas utslepp. Det er ikkje realistisk å nå noko som helst slags mål med desse tala, men kvifor får vi ikkje til å lage ein avtale?

95 prosent sikkert

I del 1 av FN sin 5. klimarapport som kom ut i september i år, slår ein fast at det er 95 prosent sikkert at klimaendringane er menneskeskapte. Skeptikarar klamrar seg fast til dei gjenværande 5 prosent, og spør kvifor ein ikkje kan slå fast at det er 100 prosent sikkert. Søyland peker på vitenskap som metode, og siterer ein klimaforskar frå Oslo som har sagt at menneskeskapte klimaendirnger er “omtrent like sikkert som at solen vil stå opp i morgen”.

Så kanskje ein bør legge diskusjonen om menneskeskapt eller ikkje menneskeskapt død, og heller diskutere korleis vi kan kome oss ut av dette?

“Dette er ikke skremselspropaganda”

Søyland sier at vi må nå klimatoppen innen 2020 og ha avlutta det meste av CO2-utslepp innan litt over 2050, skal vi ikkje auke gjennomsnittstemperaturen med 4,5 eller 6 grader celsius.  Når Søyland får spørsmålet om han tror vi får til å redusere utslippene innen den tidsfristen vi har svarer han:

– Vi må klare det.

Denne artikkelen og dette innslaget er preget av én side av saken, så for å få mer variasjon i artikkelen anbefales det at du ser den russiske gassmonopolisten som har både komponert og spilt inn en sang til det russiske gasselskapet Gazproma. Den taler for seg selv.

Om du vil høre hele intervjuet og lære mer om andre måter verden kan gå under på, last ned Utenriksmagasinet MIR sin podcast her.

Anbefalte artikler