Anmeldelse: Et si on vivais tous ensemble?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Et si on vivais tous ensemble?, møter vi fem eldre menneske, Jean og Annie, Jeanne og Albert, og Claude. Dei fem venene har halde saman i fleire tiår og er meget nære kvarande på mange nivå. Dei har alle sine hemmelegheiter og slit med sine helsemessige problemer. Det er dette som til saman driv dei mot å flytte saman i eit kollektiv, med at det har å by på av problemer.

Jane Fonda, den amerikanse trimdronninga, har gjort eit fantastisk come-back med denne franske filmen. Ho snakkar flytande og meget godt fransk og hennar innsats i denne filmen er upåklageleg. Ho har eit vakkert samspel med dei andre og gjer filmen til sin eigen. Det er aldri noko tvil om at ho på ein måte er filmens midtpunkt og det er eigentleg berre herleg at nokon held styringa.

Jane Fonda er ikkje aleine ei stjerne på lista, Geraldine Chaplin(Habla con ella, El Ophanato) er også fantastisk i filmen. Den amerikanskfødde døtra til stumfilmens helt, Charles (Charlie) Chaplin, har gjort stor karriere i Spania dei siste åra, og har vore å sjå i so vel Almodovar som Del Toro sine filmar. Ho er så flytande i fransken at ein ikkje merkar mykje forskjel på henne og resten og eg håpar på meir Chaplin i fransk film frammover.

Av dei franske skodespelarane er det ikkje så lett å kjenne att dei fleste, men Claude Richsom speler den småkåte ungkaren Claude, kan ein kjenne att om eg seier han spelte Panoramix(Miraculix) i Asterix et Obelix mission Cleopatra i 2002. Daniel Brühl(Goodbye Lenin, Ladies in lavender, 2 days in Paris) er i filmen ein ung antropolog som med tida flyttar inn i eldrekollektivet og har mange djupe samtalar og eit godt forhold til Fonda sin karkater Jeanne. Brühl overraskar også med sin franske uttale og er som alltid ein opplevelse på lærretet.

Et si on vivait tous ensemble, er ein øm og ærleg film, store ord men absolutt treffande. Den skildrar alderdomen med dens mange opp- og nedturar, positive og negative fasettar og hendingar. Eldreheimar, pengar, einsemd og forholdet til sine vaksne born blir teke opp.Sex og eldre er også ein større del av filmen og eg tykkjer det er på tide at ein film tek opp dette temaet som nok skremer livet or mange.

At eit “tidlegare” sex-symbol som Fonda er den som leder an i denne filmatiske samtalen om dei eldre er berre flott. Det verkar noko lett å berre setje bort dei gamle og håpe og tru at det skal gå heilt fint, og at dei får det betre der. At dei eldre ikkje har følelsar og behov for nærleik og samhandling. Denne filmen gjev håp om at noko kan endre denne uunngåelege sjebnen. Ein film med eit bodskap.

Alderdomen er ikkje lett, og dette tek dei på alvor. Sjukdom blir teke seriøst og usminka, det er ikkje nokon sukkersøt versjon av aldringsprosessen vi møter. Det er mange problem heile vegen, men eg tykkjer bodskapen er at det er korleis du taklar situasjonen som er avgjerande. Ein må ofre mykje for å få litt attende, og di haldning til det som foregår rundt deg er absolutt viktig.

Et si on vivais tous ensemble? er ein viktig film og eg håpar at det kjem fleire som denne, frå fleire land. Eg anbefalar å gå i kinoen for denne opplevelsen. Og du må gjerne anbefale til foreldre! Alle har godt av å minnast på at dei eldre er menneske dei óg, i denne eldreheimsalderen.

Kinosyndromet er studentradioens filmprogram. Høyr våre omtalar, anmeldingar og kommentarar samt koselegt filmprat på radioen kvar torsdag frå 11 til 12!

Anbefalte artikler