Super Samoan

Han er universelt omtala som kampsportens Askepott. Helgas møte mot tidlegare tungvektsmeister Junior Dos Santos er til no siste instans i Mark Hunts spesielle historie.

Mark Hunt har endeleg ordna opp i sine VISA-problem og er klar til å gå kamp i tungvektsdivisjonen mot Junior Dos Santos i helgas UFC 160. For nye fans av sporten er Mark Hunt kanskje ein ukjent skikkelse som kom litt ut av det blå, men for dei som har følgt med ei stund er ‘the super samoan’ nærmast ein kulthelt.

Hele MMA-Revyen podcasten som streaming nederst i saken, eller gjennom iTunes.

The Cinderella man

Mark Hunts proffkarriere innan kampsport starta i 2000 i K-1, verdas største promosjon innan kickboksing. Etter nokre gode sigrar i K-1 sikra Mark Hunt, som på den tid vart stempla som tredjerangs kickbokser, ein reserveplass på den gjeve K-1 grand prix turneringa. Raskt kom sjansen Mark Hunt hadde håpt på: Legendariske Mirko ‘Cro Cop’ Filipovic måtte trekke seg grunna skade og Mark Hunt vart tatt inn som reserveløysning. Hunt nytta godt av moglegheita og etter eit par sigerar var han sikra plass i finalekampane i Tokyo. Her møtte han sjølvaste Jerome Le Banner i kvartfinala, ein av K-1s kremutøverar, som han noko uventa knocka ut. I semifinala møtte han Stefan Leko, ein kamp han også kom sigrande ut av. Den store finala var då satt mot brasilianske karate-champ Fransisco Filho framfor mange titusen entusiastiske japanarar. Finala vann Hunt og dermed sementerte Mark Hunt seg som eit levande eksempel på ein ‘cindarella man’.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=gqqqFTkZ-80&w=640&h=360]

MMA

Etter kvart enda Hunt opp i MMA-promosjonen PRIDE FC. Dei 5 av dei 6 første kampane vann Hunt, blant anna mot Mirko Cro Cop og Wanderlei Silva. Kampane som kom etter var dessverre for Hunt ikkje dei lettaste. Her møtte han mykje av kremen av MMA, blant anna Fedor Emelianenko, Josh Barnett, Alistair Overeem og Gegard Mousasi. Alle desse slo Mark Hunt via submission og hans legimitet som MMA-utøvar var under tvil. Ikkje nok med det, UFC kjøpte PRIDE fc og det var usikkert om Hunt hadde ei vidare karriere som MMA-utøvar på toppnivå.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=54g8B6_ywrk&w=640&h=360]

‘Hunto’ i UFC

‘The Super Samoan’ hadde ein kamp igjen på den gamle PRIDE-kontrakta og UFC ville kjøpe han ut på bakgrunn av dei dårlege resultata. Dette nekta tungvektaren frå New Zealand og krevde å få gå kamp. Debuten i 2010 var ikkje imponerande, med eit submissiontap mot Sean McCorkle i første runde. Mark Hunt skulle få ein sjanse til i eit UFC stevne i Australia, og i likheita med sjansen han fekk i grandprix-turneringa i K-1, brukte han den godt. Chris Tuschererer, Ben Rothwell, Cheick Kongo og Stevan Struve. 3 knockouts, som inkluderar kjevebrudd på Struve, og 1 decision. The Super Samoan har 4 sigerar på rad og er klar for Junior Dos Santos.

Kulthelten Hunt

Mark Hunt er ikkje som alle andre utøverar i tungvektsdivisjonen. Hans sjølvsikkerheit i eiga slagkraft har resultert i fleire reine knockouts på motstanderane der han rett etter slaga nonchalant snur ryggen til mostanderen og går vekk, i staden for å følgje opp med “unødvendige” slag på bakken. Ein såkalt “epic walk away” på fagspråket. Mark Hunt har også gjort bombehopp på mostanderar som ligg på bakken, samt håne motstanderen som ikkje slår hardt nok. Ei sjeldan krigarånd ligg også ‘The Super Samoan’, då han stoisk krevde frå UFC å gå alle kampane som sto att frå den gamle PRIDE kontrakta, noko UFC motvillig gjekk med på til slutt. Denne krigaren er reflektert i personlegheita til Hunt, der han med ei ærleg framtoning ikkje sei meir enn nødvendig; Han let heller handlingane styre. Alt dette har bidratt til å bygge kultheltstatusen som Mark Hunt har blant MMA-fans. Eit døme på dette er twitterbevegelsen #rallyformarkhunt som nyleg bidro til å presse UFC til å sette opp kampen mellom Hunt og Junior Dos Santos. Det blir difor ekstra spennande å sjå om det blir nok ein “cinderella story”, når Mark Hunt møter Cigano i helgas UFC 160.

Siste podcaster

  • MMA-Revyen - Episode 214
    Andreas, Sverre og Torstein starter sesongen på ordentlig, og snakker flaue stuntintervju på Torgallmenningen, leilighetsbytte, fødselspermisjon, lettvektsdivisjonen, høsten i UFC og mye mer.
    Last ned (mp3-format)

MMA-Revyen

Vi tar ukentlig for oss aktuelle nyhetssaker, dyptgående analyser av kamper, og intervjuer med fightere og andre tilknyttet det norske og internasjonale MMA-miljøet. MMA-Revyen hører du hver onsdag kl. 21:00. Podcasten slippes rett etter sendingen og er fortsatt enklest å høre i iTunes. Du finner oss også på Facebook.

Send

Your email address will not be published. Required fields are marked *