Kva er greia med “sjino”?

Med jamne mellomrom dukkar det opp eit eller anna irritert menneske i media. Det irriterte mennesket eg siktar til, har høyrt nokon byta ut ”kj-lyden” med ”sj-lyden”, og er frykteleg opprømt.

Desse to lydane er eigentleg ganske like, men kj-lyden er vanskelegare å uttala enn sj-lyden. Og det er nettopp derfor denne endringa skjer. Lydane ligg nær kvarandre i munnen, og ved at me forenklar, blir kinoturen til ein sjinotur. Men er dette eigentleg eit problem?

Ordskifte har prata med professor i nordisk språkvitskap, Gunnstein Akselberg. Om du er interessert i å høyra kva han har å seia om emnet, kan du lytta her:

Ikkje ein unik situasjon

Alle har vel høyrt argumenta om at samanfallet vil føra til at ord blir like, slik at me ikkje kan forstå skilnaden. Eit døme er at kjede og skjede vil falla saman. Det er grunn til å tru at desse orda, som handlar om to heilt ulike ting, som oftast blir brukt i ulike samanhengar. Om dei skulle bli såkalla homonym, altså ord som blir skrivne og/eller blir uttalt på same måte, men ikkje betyr det same, ville dei då skapa ein unik forvekslingssituasjon i norsk? Svaret på dette er nei. Me har allereie ei mengd slike ord i språket vårt. Ein kan jo spørja seg sjølv:

Har eg nokon gong forveksla eit hustak og det å ta i eit tak?
Har eg nokon gong blanda saman eit litermål og eit fotballmål?
Har eg nokon gong vore usikker på om eg skal feira jul eller jubileet for oppfinninga av hjulet?
Har eg nokon gong slite med å forstå om eg skulle tre ei nål, telja til tre eller klatra i eit tre?

He-he. Eg vil tru svaret på desse spørsmåla er nei. Eg kan for så vidt sjå for meg ein kinkig situasjon dersom ein skal snakka om ordførarkjede, men vel å tru at samanhengen vil avklara kva det er snakk om. Så kva argument mot samanfallet av kj- og sj-lyden sit me att med då?

”Det ødelegger det norske språket”, ”Det er feil uttale”,  ”Det er fælt å høre på”.

Lat oss ta det siste først. At å seia sjylling og sjøtt er stygt er ei subjektiv meining. Subjektive meiningar må ein strengt tatt få lov å ha. Eg vil likevel tørra å påstå at ikkje alle deler denne oppfatninga.

Vidare vert det påstått at dette rett og slett er ”feil” måte å uttala ord på. Men, i norsk har me ikkje talenormering. Me har ikkje noko offisielt standardspråk, eller uttalereglar som må følgjast. Argumenterer du med at tradisjonelt sett er dette uttalt slik og slik, så joda, då har du rett, men dette tek oss over til det siste argumentet: At det norske språket vert øydelagt. Det er ikkje lett å akseptera at språk er levande. Språk er i konstant utvikling, og dette gjeld også for norsk. Språket vårt utviklar seg i takt med tida.

 Likevel mykje å gleda seg over

Me tek inn ord frå andre språk, lagar nye ord, kastar ut gamle og endrar betydinga av ord me allereie har. Sjølvsagt kan du starta underskriftskampanjar eller Facebook-grupper for å hindra at ord som befippelse og mamelukk forsvinn frå daglegtalen. Truleg vil du ikkje nå særleg langt. Då føreslår eg at du heller gler deg over ord som netthandel, datamaskin og å tvitra. Eller du kan gleda deg over at loggen folk skreiv på 1800-talet har blitt til dagens blogg og at asyl som tidlegare var eit psykiatrisk sjukehus no er vern for flyktningar. Språktutviklinga er spanande.

På omtrent same måte som ordforrådet vårt utviklar seg, gjer uttalen vår det same. Går me tilbake til norrøn tid, var det skilnad på eit hustak og å ta i eit tak: þak vs. tak. Den der p-liknande bokstaven hadde ein uttale som likna th-lyden i engelsk. Skal tru om foreldre, besteforeldre og lærarar i norrøn tid var like irriterte på si tids ungdomar som det verkar som ein del av oss er i dag?

Samtidig som eg skriv denne teksten, innser eg at eg eigentleg er ein person som irriterer meg over at kj blir sj. Skal tru om eg klarer å overtyda nokon om at dette ikkje er så farleg, når eg ikkje heilt klarer å tru på det sjølv.

Siste podcaster

  • Tal- og skriftspråk
    Tema for ukens sending er tal- og skriftspråk! Det blir ordskifte rundt om det finnes et standardtalemål i Norge eller ikke. Julia tar med oss hjem til Sverige der diskusjonen rundt et standardtalemål ikke er så vanskelig som den er her i Norge, eller er den virkelig det? Vi ser på en skriftform der talemålet ofte tar mer plass en i andre type sammenheng - nemlig språk på sociale medier. God lytt! I studio: Julia Zsiga, Øystein Sandve og Vilde Galtung Ordskifte er programmet for deg som har en mening om hva som er riktig og hva som er galt å si. Vi tar for oss språklige finurligheter og grunnen til at du snakker akkurat slik som du gjør. Hvis du føler at det du trenger i radiouniverset ditt er et språkprogram med et friskt pust, er Ordskifte programmet for deg!

Anbefalte artikler