På veg mot sjølvstende?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Kurdiske grupperingar er eit døme på aktiv separatisme i folkegrupper som folkeset fleire statar. Kurdarane er eit gammalt nomadefolk, hovudsakleg busett i høglandsområdet kring fjellkjedene Anti-Taurus og Zargos, eit geografisk område dei kallar Kurdistan (’kurdarane sitt land’). Området famnnar om det austlege Tyrkia, nordlege Irak, nordvestlege Iran og litt av Syria og Armenia. Talet på kurdarar ligg ein stad mellom 25-30 millionar menneske. Dei har aldri hatt ein eigen stat, trass i at det er den fjerde største folkegruppa i Midtausten. Årsaka til dette er mellom anna olje- og vassressursane i området, som gjer Kurdistan til eit viktig territorium for kontrollstatane.

Gryande ønske om sjølvstende

Kurdarane har aldri gitt opp håpet om ein sjølvstendig stat, og trass i forsøk frå andre folkeslag om å utslette kurdisk kultur og identitet, har ønsket om lausriving berre vakse seg sterkare. Gjentakande gjennom historia har kurdiske nasjonale aspirasjonar vorte slått ned på gjennom både krig og andre massive overgrep. I nyare tid har særskilt Tyrkia motsett seg kurdisk sjølvstende, og ført ein streng assimileringspolitikk ovanfor kurdarane.

Kart over Kurdistan (Foto: Perry-Castañeda Library Map Collection ved The University of Texas at Austin/Wikimedia).
Kart over Kurdistan. (Foto: Perry-Castañeda Library Map Collection ved The University of Texas at Austin/Wikimedia).

Historia om overmakt går langt attende, og sjølv om kurdarane aldri har fått ein eigen stat, har dei oppnådd vekslande grad av sjølvstende under ulike imperium. På 600-talet vart dei kurdiske områda erobra av arabarane, og frå 900- 1100-talet vart det danna ei rekke små kurdiske dynasti. Kurdarane utvida områda sine då mongolar og turkmenarar pressa det arabiske riket attende rundt midten av 1200-talet, men då det osmanske riket og Safavide-dynastiet vaks fram på 1500-talet, vart kurdarane delt under tyrkisk og persisk kontroll. Osmanane tilbaud enkelte av dei samarbeidsvillige tittelen emir, med påfølgjande styre over eit fyrstedømme. Eit resultat av dette vart 15 kurdiske emirat, som utgjorde den politiske strukturen fram til 1800-talet då området vart underlagt tyrkisk kontroll. At emirata vart oppheva, resulterte i motstand i form av ei rekke opprør som utvikla seg til ei gryande nasjonalrørsle som kravde eit sjølvstendig Kurdistan.

Etter den første verdskrigen vart kurdarane lova eit eige land av vestmaktene, ein lovnad som fell bort då det osmanske riket vart oppløyst, og Atatürk innlemma Aust-Anatolia i den den tyrkiske republikken i 1923. Då avgjorde Folkeforbundet at dei kurdiske områda skulle delast mellom dei nyoppretta statane Syria og Irak. Opprør vart slått ned på med makt, og særskilt i Tyrkia var reaksjonane brutale, kor hundrevis av landsbyar vart brende til grunnen, folk vart tvangsflytta og opprørarar vart systematisk hengde.

I januar 1946 vart den kurdiske Mahabad-republikken danna i Iran med støtte frå Sovjetunionen, noko som er det næraste kurdarane har vore ei statsdanning i nyare tid. Same året trakk Sovjetunionen seg ut av landet, og iranske styrkar tok over kontrollen, noko som sette ein stoppar for den kurdiske statsdanninga.

Irakisk Kurdistan

Kurdarane i Irak har ved gjentekne høve gjort opprør for sjølvstende og sjølvstyre, støtta frå fleire hald, mellom anna av USA, Iran og Storbritannia. Kurdiske grupper har også kjempa mot kvarande innbyrdes, samstundes som Tyrkia har invadert irakisk Kurdistan for å markere interesse for området, og hindre åtak frå tyrkisk-kurdisk milits.

Familiegraver etter det kjemiske åtaket på byen Halabja i 1988 (Foto: Adam Jones/Wikimedia
Familiegraver etter det kjemiske åtaket på byen Halabja i 1988. (Foto: Adam Jones/Wikimedia).

I 1970 vart det oppretta ei kurdisk lovgivande forsamling i Irbil, som omfatta dei kurdiske områda i Irak. I praksis var autonomien til regionen særs avgrensa, og vart overstyrt av den irakiske staten. Dette førte til at den kurdiske geriljagruppa Peshmerga (kurdisk: ’Den som ser døden i auga’) gjorde militær motstand. Denne konflikten, saman med den første Golfkrigen (1980-88) og Saddam Hussein sitt styre i Irak, førte til at mange vart drepne, drivne på flukt, og tusenvis av landsbyar lagt i grus. Store delar av kurdiske område vart avfolka, og Irak oppretta ei ”sikringssone” langs grensa mot Iran og Tyrkia. Det irakiske regiment utførte også ein straffeaksjon mot den kurdiske byen Halabja (1988), kor over 5000 kurdiske sivile vart gassa til døde. Irak sitt nederlag i den andre Golfkrigen (1991) førte til nye kurdiske opprør, som vart møtt med ein brutal irakisk offensiv, som erobra attende kurdiske område. Frykta for folkemord dreiv millionar av menneske på flukt som resulterte i ein omfattande humanitær operasjon. Land som Frankrike, Storbritannia og USA trødde til i løpet av 1990-talet for å beskytte kurdarane, og opprette ”sikre soner” for hjelpearbeid. Desse vart overvaka gjennom flyforbudssonen over Nord-Irak i 1991, som førte til at irakisk Kurdistan kunne nyte større sjølvstyre, gjennom samarbeid mellom dei to partia Kurdistans demokratiske parti (KDP) og Kurdistans patriotiske union (PUK). Rivalisering mellom dei to partia førte til gjentekne væpna kampar gjennom 90-talet. Dei inngjekk våpenkvile med hjelp frå amerikansk mekling i 1998.

På veg mot sjølvstyre

Peshmerga er den støste ikkje-statlege militærmakta i Irak, og har i mange år kjempa mot den irakiske hæren. Dei samarbeida med dei amerikanske styrkane under invasjonen av Irak i 2003, og bidrog til å styrte regimet til Saddam Hussein. Peshmerga vart sterkare under krigen, mellom anna gjennom å erobre våpenmateriell frå dei irakiske styrkane, og tok kontrollen over heile det kurdiske området i landet, inkludert byen Kirkuk som dei ser på som den framtidige hovudstaden i Kurdistan. Kirkuk er sterkt etnisk blanda, og ligg i eit omstridt oljerikt område, noko som har ført til splid om kven som skal styre.

Jalal Talabani (Foto: Helene C. Stikkel/Wikimedia).
Jalal Talabani. (Foto: Helene C. Stikkel/Wikimedia).

I 2005 gjekk ei rekke kurdiske parti saman i Democratic Patriotic Alliance of Kurdistan, med KDP og PUK som dominerande. Høvet var valet på irakisk nasjonalforsamling, og PUK sin leiar Jalal Talabani vart president i Irak. Den nye grunnlova sikra kurdarane regionalt sjølvstyre, kontroll over Peshmerga og innflyting over nye olje- og gassfunn.

Spenning mellom fleire aktørar

I irakisk Kurdistan har fleire regionale aktørar vore aktive, både militært og politisk. Mellom anna nabolanda Iran og Tyrkia, frykta smitteeffekten av kurdisk sjølvstyre i Irak. Også Israel har i mange år vore aktiv for å gi den kurdiske geriljaen opplæring som ein del av eit prosjekt for å utjamne påverknaden frå anti-israelseke sjia-grupper i området. Fleirtalet av kurdarane er sunnimuslimar, noko som gjer at Israel ser på dei som moglege ikkje-arabiske allierte i Midtausten.

Tyrkia uroar seg for den israelske aktiviteten i dei kurdiske områda, trass nært innbyrdes samarbeid med Israel. Ein eventuell sjølvstendig kurdisk stat i Irak kan føre til sterke reaksjonar frå Tyrkia, som har området som interessesfære. Desse spenningane skapar fare for nye oppkomstar av ustabilitet i Midtausten.

Framveksten av IS

Nord i Irak kan kurdarane i dag nyte stor grad av sjølvstyre, men samstundes har ein ny trussel vakse fram: Den militante islamistgruppa Den islamske staten (IS). IS har ambisjonar om å etablere eit verdsomfattande kalifat, og baserer seg på ein ideologi som favoriserer sunnimuslimar, og dermed aukar grada av sekteriske konfliktar i regionen. Kurdarane som eigen minoritet i denne konflikten står i fronten for IS-motstanden.

I 2015 vart Tyrkia aktiv deltakar i internasjonal motstand mot IS, men har vist seg å ha ein skjult agenda i motstanden. Tyrkiske bombetokt har vore retta mot kurdiske mål framfor IS-mål, noko som vidare vert legitimert med argument om å nedkjempe alle formar for terrorisme i regionen (Hovudsakleg retta mot Kurdistans arbeiderparti (PKK), internasjonalt anerkjend som ei terrorgruppe). Det har vore spekulert i om realiteten i Tyrkia sitt motstandsmotiv er ei forhindring av nettopp ei etablering av ein sjølvstendig kurdisk stat.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler