Kven vert USAs neste president?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Donald Trump er forretningsmannen frå New York som har vorte kjend for reality-tv og sitat som “You’re fired”. Trump har denne valkampen ofte skapt overskrifter verda over for å ville bygge ein mur mellom USA og Mexico, mobbing av journalistar og ei rekkje overgrepsanklager som har dukka opp utover valkampen.

Trump vaks opp som ein av fire søsken og er son av den anerkjende forretningsmannen Frederick Trump jr. Ei rekkje av Trumps motstandarar, både i det republikanske partiet og det demokratiske partiet, har ofte påstått at bakgrunnen for Trumps suksess i næringslivet ligg djupt forankra i arva av farens eigedomsimperium. The Donald påstår derimot at arva frå faren var berre grunnlaget for det som han seinare bygde opp til å verte eit enormt forretningsimperium, med interesser i hotellverksemd, vodkaproduksjon, golf og Miss.America-kåringa, med meir.

Ei rekkje påstånder lansert mot Trump denne valkampen bygger på frykta over korleis hans politikk vil påverke den økonomiske situasjonen i USA, rettane til minoritetar, NATO-samarbeidet og forholdet til Russland, der Trump tidlegare har uttalt å vere ein stor fan av Russlands president Vladimir Putin.

Hillary Clinton er advokaten som vart førstedame under regjeringsperioden til hennar ektemann Bill Clinton, senator, utanriksminister og no presidentkandidat. Mykje av Hillary Clintons valkamp har vorte overskugga av anklagar om uansvarleg bruk av e-post og hemmeligheitsstempla dokument, der det også oppstod ei gransking av FBI. Førre veke bestemte derimot FBI seg for å legge vekk anklagane mot Hillary Clinton og avslutte granskinga av den famøse “e-postskandalen”.

Hillary vaks opp i ein familie på fem, som einaste dotter i ein syskjenflokk på tre. I tenåra var Hillary ein ihuga supportar for republikanerane. Ho valte derimot å forlate partiet i 1968, delvis grunna Richard Nixon og delvis grunna det ho påstod var ei overflod av overdekt rasisme.

Ho enda seinare opp med å ta juristeksamen og utover 1970-tallet vart ho beskreve som ein av dei mest innflytelsesrike advokatane i USA. Clintons liv som politikar har derimot vore mykje prega av skandalar som Lewinsky-skandala der hennar mann Bill var utro med Monika Lewinsky, angrepet i Benghazi og mykje rykter om diverse pengesaker i forbindelse med Clinton-foundation.

USA og verda sit igjen med to kandidatar som begge kan ende opp med å sitte i sjefsstolen for verdas mektigaste nasjon. Begge to står fram med feil, manglar og svakheiter, men også med sine styrker.
Kven kjem til å styre den amerikanske skuta vidare? Kven verte USAs 45.president?

Utenriksmagasinet MIR held tysdag 8.november valvake saman med Jentegarderoben, Banal Politikk, Nyhetsuka og BSTV live på Kvarteret i Bergen frå klokka 21:00. Kom der og prøv å forstå dette surrealistiske valet litt betre. Det vert spennande gjestar, morosame spaltar og interessante diskusjonar.

Vel møtt!

 

Anbefalte artikler