Internett er massivt, revolusjonerande, og fullstendig ubegripeleg. Sidan vi har vore med på alle stega i utviklinga, er det lett å gløyme kor mykje internett har endra verda. Men det er interessant å merke seg dei små og store forandringane i kvardagen vår – internett er den største revolusjonen i historia. I denne podcasten skal vi prøve å kaste lys på denne ubegripelege superorganismen.

Episode 1

I første episode skal vi få høyre korleis internett vart til, og korleis internett var i starten. Kva er essensen av internett? Burde internettesque vere eit adjektiv? Internett er basert på teknoutopiske prinsipp – det skulle bli ”ein intergalaktisk elektronisk allmenning open for alle”. Internetttilgang er faktisk ein menneskerett. I internett si sanne ånd, er det nokre handlingar og system som er meir internettsque enn andre. Nettnøytralitet, til dømes, går imot grunnleggjande prinsipp om likskap og friheit på nett. I denne episoden ser vi nærare på kva internett er.

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Maria Gunnarsdotter Svedal
Produsent: Ulrik Øen Johnsen
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Kristopher Schau, Andreas Opsvik

Episode 2: Barn og unge på nett

Kor stor er skilnaden mellom å vekse opp i dag og for ti år sidan? Dagens barn og unge veks opp i ei internettverd som ingen andre har vakse opp i før. Desse borna er eit eksperiment. Kva utfordringar møter born og unge på nett? Kor medvitne er dei om sitt eige liv på nett? Informasjonssikkerheit er sentralt, men kven har ansvaret for at dei komande generasjonane får læra om dette? Er det samfunnet, skulen eller foreldre som må ta ansvar for opplæringa? Og kvifor spreier vi nakenbilete? I denne episoden ser vi nærare på barn og unge på nett.

I studio: Joacim Ruud Myhre, Maria Gunnarsdotter Svedal
Produsent: Ulrik Øen Johnsen, Tormod Lilleårstein
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Tarjei Elias Kvamme, Andrea Krüger, Tobias Judin, Eirik Solheim, Roar Thon, Maria Bartnes, Mia Landsem

Episode 3: Personleg sikkerheit

Kor mange kontoar har du på nett? Kor mange ulike passord brukar du på desse kontoane? Har du sikra informasjonen din godt nok? Kva med på telefonen din? Og kva er eigentleg personvern? Dei fleste av oss har lagt igjen mykje informasjon på nettet. Når det er vanskeleg å halde oversikt over sine eigne passord, er det klart at å skulle sikre seg mot hackarar kan kjennast som ei uoverkommeleg utfordring. I denne episoden ser vi nærare på personleg sikkerheit.

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Maria Gunnarsdotter Svedal
Produsent: Ulrik Øen Johnsen
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Roar Thon, Maria Bartnes, Tobias Judin, Mikkel Kvenås, Lise Ruud Myhre

Episode 4: Institusjonell sikkerheit

Det er ikkje berre du og eg som har eit liv på internett. Alle institusjonane våre, private og offentlege, sivile og millitære, er også på nettet. Dette gir voldsame fordelar, og er eit stort steg for samfunnet. Samtidig er det ein stor sårbarheit. Det vil alltid finnast svakheiter, og når det finst svakheiter, finst det nokon som vil utnytta dei. Sjå for deg at nokon får tilgang til datasystema på eit sjukehus eller i politidirektoratet. Dette er ikkje berre ein ubehageleg tanke, men ein realitet som truar dei viktigaste institusjonane i samfunnet. Vi må ta inn over oss kor viktig informasjonssikkerheit har blitt. Som privatpersonar er me heilt avhengige av at institusjonane har sikra sin og vår informasjon godt. Kan me stola på institusjonane? I denne episoden ser vi nærare på institusjonell sikkerheit.

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Maria Gunnarsdotter Svedal
Produsent: Ulrik Øen Johnsen
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Roar Thon, Maria Bartnes, Vidar Korsberg Dalsbø, Knut Grandhagen

Episode 5: Økonomi

Kor mykje kontantar har du i lommeboka? Dei fleste av oss har lite eller ingenting. Økonomien vår har flytta seg gradvis frå å vere fysisk til å bli elektronisk. Bankane er på nett, du kan vippse ein venn og handle på nett. Internett har endra dei økonomiske spelereglane og gjort heile verda tilgjengeleg ved eit klikk. Du treng ikkje lengre gå på butikken for å handle. Du kan få tak i narkotika, falske pass og barneporno, og du kan vere heilt anonym. Alt er tilgjengeleg på nett. Kryptovalutaer kan verka umoglege å forstå, men har blitt ein viktig del av verdsøkonomien. Er dette noko folk flest burde kunne noko om? I denne episoden ser vi nærare på økonomi på internett.

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Ulrik Øen Johnsen
Produsent: Maria Gunnarsdotter Svedal
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Tor W. Andreassen, Carl Fredrik Wergeland

Episode 6

Det er ingen tvil om at internett har forandra demokratiet, men korleis? Ein skulle kanskje tru at fordi internett ofte flatar ut maktstrukturar, vil det også styrke demokratiet. Men så lett er det desverre ikkje. Vi er rett nok meir oppdaterte og meir involverte enn tidlegare, men likevel har internett fått ein del uante konsekvensar som ikkje nødvendigvis er gode. Samtidig som vi er meir involverte i den politiske debatten, har internett òg gitt politikarar eit enormt verktøy til å påverke oss i den retninga dei sjølve ønskjer. Derfor er det viktig at vi drøftar spørsmålet: Truar internett demokratiet?

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Ulrik Øen Johnsen
Produsent: Maria Gunnarsdotter Svedal
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Jardar Østbø, Luke Harding, Lars Nyre
Takk til Nordiske Mediedager og TED-talks

Episode 7

Dersom du ikkje har noko å skjule, har du vel ikkje noko å frykte? Stadig fleire blir bevisste på elektroniske spor vi legg frå oss i kvardagen. For dei fleste handlar dette ikkje om skule umoralsk oppførsel, men om eit prinsipp om at vi har rett til eit privatliv. Men er privatliv i det heile tatt mogleg på nett? Ein kan naturligvis bruka ein aluminiumsfoliehatt, men det er kanskje ikkje eit alternativ for den jamne borgar. Og er det kanskje sånn at noko overvaking faktisk er ønskjeleg? Kvar skal vi setje grensa?

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Maria Gunnarsdotter Svedal
Produsent: Ulrik Øen Johnsen
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Tobias Judin, Roar Thon
Takk Til TED-talks

Episode 8

I 1899 skreiv Charles H. Duell den kjende linja “alt som kan finnast opp, har allereie blitt funne opp”. Så feil kan ein altså ta. Framtida er notorisk vanskeleg å spå. Det er faktisk ganske mange yrke som baserer seg på meir eller mindre informert gjetting av framtida; meteorologar, finansanalytikarar og konsekvensutreiarar, for å nemne nokre. Men når det gjeld dei verkeleg store spørsmåla er det verkeleg ille. Kjem pizza til å bli levert av flygande droner? Kjem dronene til å samle seg mot menneskeheita i framtida, for å skape eit samfunn der droner kan leve fritt? Ikkje veit vi, men vi kan ikkje sjå heilt vekk frå det.

I studio: Joacim Ruud Myhre, Tormod Lilleårstein, Ulrik Øen Johnsen, Maria Gunnarsdotter Svedal
Vignettmusikk: ILKKA
Medverkande: Eirik Solheim, Lars Nyre