The Division 2 startar med ein ny vri. Du får designe karakteren din, ut frå ein del presetar så opnar den seg litt opp. Når du er nøgd med utsjåande på karakteren, blir du sloppe rett ned i vera omgitt av kaos. Landsbyen du startar i blir for overrumpla av gjengar som ikkje vil deg alt vel. Medan introen rullar, går karakteren din åleine til Washington DC for å skaffe hjelp då Agent nettverket plutseleg kollapsa. Ditt første møte med DC er det kvite hus framme i horisonten, og meldingar om beleiring av det. Korleis og kva våpen du bryt opp beleringa med, er opp til deg og ditt ynskje om å utforske landskapet rundt deg. Og ein smule flaks.

Den grøne McGuffin-skyane er å finne mange stader (skjermdump: Asbjørn-Heike)

Områda i The Division 2 er fantastiske å sjå på, dei er nydeleg belyst når sola er stått opp. Diverre lev ikkje sjølve historia opp til resten av spelet. Historia er fortsettinga frå The Division 1, og korleis viruset? spreidde seg vidare i USA. Gjennom lydloggar får ein innsyn i presidenten si paranoia om kven som har sloppe viruset, og hans ynskje om å sende atomvåpen som motsvar. Sånn i historia generelt er viruset berre ein McGuffin som kjem opp når det passar seg, og er i vera som grøne skyar rundt omkring.

Dyrelivet trivst særs godt i desse omgivelsane (Skjermdump: Asbjørn-Heike)

Forbetring i grunnsystemet gjev positive utslag

Spelet har teken dei beste elementa frå The Division 1, og pussa på dei til dei er enno betre. Ikkje lenger er det berre bildøra som må lukkast, jaggu kan du spele med fotballar som ligg rundt omkring òg. Andre moro ting som ikkje er direkte knytt til spelet er dei fantastiske basketballane som lagar store søyler av røyk når du kjem borti dei. Vera i seg sjølv er stappa med ting å gjere, og båe venlege og fiendtlege folk er rundt deg over alt. For meg personleg er denne folksame vera litt nedtur, og eg saknar den tidvis tomme vera som var i division 1, men det er personleg preferanse. Av nye aktivitetar er den største kontrollpunkta. Der kan du frigjere dei frå fienden, og sette JDF (dine venar) til å passe på dei. Offiserane der minkar gradvis på tre typar ressursar som du kan gje dei, og når du går over eit vist nivå så byrjar du å få XP for å donere desse. Desse tre er mat, vatn, og material. Systemet rundt desse er litt endra, så dei er ikkje lenger svært låst som enkelt ressursar du gjev bort til tørste eller svoltne enkeltindivid. I alle kontrollpunkta eg har vært i har offiserane ei maksgrense på 100 av kvar ressurs.

Dørlukking har fått besøk av flygande bilvindu (Skjermdump: Asbjørn-Heike)

Å skyte kjapt frå hofta

Våpena kjennes like gode som i Division 1, om ikkje betre. Dei har bytta ut kjøp av modular til våpena med eit modulsystem der du låser opp dei enklaste med skillpoeng, og lager dei vanskelegare (eller får dei ved fullførte oppdrag). Fiendane har framleis farga helsebarar, som fortel om vanskegrada deira. Raude er normalt vanskelege, lilla er elitar, og gull er så langt som eg har komet reservert til sjefar. Dekningssystemet funkar like bra som i forgjengaren, og kombinert med forbetringa på evnesytemet så er desse kampane herleg vanskelege. Fiendane si kunstige intelligens er oppgradert, og gløymer du å fylgje med så kan dei dukke opp der du minst ynskjer å ha dei. Strategiske rom er gjerne bevæpna med tung skyts som gattling kanonar. Desse brukar fienden flittig mot deg, og gjer evna til å gøyme seg bak hoftehøge veggar viktigare en før. Min taktikk er å sette ut maskingevær turreten min, og springe fram med det mellomstore skjoldet og skyte rundt som ein villmann. Det er ein tidvis suksessfullt taktikk, som diverre endar oftare i at karakteren min døyr.

Med skjold i handa, følar ein seg som ein spartakrigar (skjermdump: Asbjørn-Heike)

Eg likar spelet, sjølv om det er litt misforstått om kva sjanger det tilhøyrar. Etter mitt skjønn er det eit Rollespel i litt enkel form, og ikkje tredjepersons skytespel som det ynskjer å gje inntrykk av. Spelets kjerne litt i tidsbruken på å samle utstyr som er betre en det du brukar, og gjerne har ein kulare farge på boksen sin. Eg har diverre ikkje klart å komet heilt til endes, så eg måtte spørje min gode ven Petter om hans opplevingar og inntrykk frå sluttspelet.

En transformering av verdenen

Petter: Når du når level 3o og har skrapt deg gjennom alle oppdragene, er spillet langt i fra over. Etter at du tilsynelatende har nedkjempet alle fiendegrupper du kan tenke deg, kommer det enda en større og farligere enn som kaller seg selv Black Tusk. Alle hovedoppdragene du har kjempet deg gjennom tidligere blir også restrukturert og spillbare på nytt, denne gangen med Black Tusk-fiender, som gir deg en annerledes reise og andre objektiver. Når du utfører enkelte oppdrag får du også tilgang til tidligere strongholds med en Black Tusk-vri, og klarer du å få deg gjennom det oppgraderes du til et nytt såkalt “World Tier”. Jo høyere World Tier du klatrer opp til, jo bedre tyvegods med høyere gear score får du tak i.

Sluttspillet gir deg også tilgang til signaturvåpen, et utvalg av tre kraftige spesialvåpen som denne 50. cal-en her. (Skjermdump: Petter Villanger)

Hele gjennomgangen er en fantastisk vri på gjenbruk av områder, og gjør oppdrag som strengt burde vært kjedelig å spille gjennom på nytt mer unike enn tidligere. Og hele seansen er selvsagt hjelpet av at spillet omtrent dusjer deg med high-end utstyr. Ja, alt du får er sikkert ikke like nyttig, men gir deg fantastiske sjanser til å eksperimentere og finne den optimale kombinasjonen av utstyr for å virkelige pushe grensene av hva du kan oppnå. Og det er haugevis av gratis-utvidelser på vei, så det er ingenting som burde stoppe deg fra å dyppe tærene i The Division 2.

Siste podcaster

Spillmagasinet

Spillpodcast om konsoll- og PC-gaming med reportasjer, tilbakeblikk, anmeldelser og gjester fra spillindustrien hver tirsdag

Anbefalte artikler