“Fuck the World Cup”

This content has been archived. It may no longer be relevant

På ny er det klart for eit stort internasjonalt arrangement og på ny går det utover og på bekostning av dei svakaste i eit samfunn.  For meg blir den nye VM-songen eit fint bilete på distansen mellom kva vil meiner eit VM skal vere og kva det faktisk er.

“We want quality schools and hosiptals, fuck the world cup”

VM-låta i år er laga av Pitbull og Jennifer Lopez, og har den fengende titelen We are one.  Takta, flagrande paljetter, stappfulle tribunar og flagg som blafrar i vinden viser at dette er ein fest for alle. Vi er forskjellige, men likevel eitt. Likevel blir eg sittande med ein ekkel bismak. Kontrasten mellom dette og bilete frå demonstrasjonane som har funne stad i Brasil dei siste vekane gjer at ein kan byrje å tenke på om dette blir den folkefesten det er ment for å vere. Plakat-teksten “we want quality schools and hospitals, fuck the world cup” er eit klart og tydelig bevis på at luksusen til nokre går på bekostning av andre.

Høyr heile kommentaren her:

[audio:http://srib.no/wp-content/uploads/2014/05/UMIR-VM-i-Brasil-Kommentar-av-Aisha.wav]

Samlande arrangement

Jennifer Lopez kviskrar “we are one baby”, men kven er “vi”? Gjeld dette også dei tidlegare bebuarane av dei no rive favelaene? Eg trur ikkje det er så nasjonalbyggande som ein skal ha det til. Kanskje ein til og med kan seie at det skaper ei større polarisering mellom ulike grupper i samfunnet enn kva det tidlegare har vore. At det er eit arrangement som samler ulike nasjoner seier eg  ingenting på, det er veldig samlande, men kun for dei som kan betale. Samlande for verdas middelklasse.

Kor langt skal ein la det gå? Kor mange fattige må bli huslause til fordel for rike turistar? Det ufullstendige svaret ein får er at turisme vil føre til økonomisk vekt. Og i det svaret forsvinn alt av sosialt og politisk ansvar. Det er nemleg då forventa at ein skal skjøne at ein aukande BNP til eit land vil koma dei fattigaste til gode, etter kvart. Dette blir av neo-liberalistar kalla for “trickle down”-effekten. Her meiner ein at profitten til den rike eliten i eit land vil sildre ned til dei fattige i form av sysselsetting. Etter kvart. Ein har ikkje sett dette skje i korkje Azerbajan etter Eurovision, i Sotsji eller i Sør-Afrika. Kanksje vi berre ikkje har venta lenge nok.

Idealistsisk slutt

Det er ikkje meininga å øydelegge for gleda ved VM, tvert i mot, eg meiner det er så mykje bra med nett slike arrangement. Mykje glede, kjærleik og venskap på tross av dei vanlege linjene som vanlegvis skill mennesker frå kvarandre. Det eg her kritiserer er at arrangement som dette går på bekostning av dei fattigaste. Eg håper at vi kan slutte å kategorisere menneskeverd på eit økonomisk grunnlag, for det er nett det vi gjer når ein øydelegg ein person sitt grunnlag for liv til fordel for ein anna. Eg vonar at vi i framtida kan ha store internasjonale arrangement kor alle i eit land, uavhengig av rang, farge, etinisitet, religion og alle andre synlege og usynlege linjar vi lager, ikkje speler ei rolle. For er det ikkje nettopp det sport og fotball skal handle om?

Har du ikkje fått med deg VM-låta, sjå den her:

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=TGtWWb9emYI&w=640&h=360]
Last ned sendinga vår her.

Anbefalte artikler