Kjente smakar under nye namn på denne vekas liste

UKAS LÅT: Imsito – Vin og Juice (feat. Jonas V)

Låta som toppar lista denne veka kjem frå gladgutten Kim-Andreas Castillo Oen, betre kjent som Imsito i bergensrap-miljøet. Han har jobba hardt dei siste åra for å kunne jobba med musikk. Som ein del av duoen Zeni Bois har han gitt ut musikk jevnt og med ein sjarm inspirert av de store rapikonene i statene. På denne låta har han fått med seg en av sine forbilder, nemnlig Jonas V, og det er en perfekt låt å spela litt seint på eit heftig nachspiel.

Khruangbin – Maria También

Når eit band frå Texas begynner å hente inspirasjon frå Thailand og 70-talls funk begynner du å lure. Kva er dette for noko? Resultatet blir noko av den mest unike og nostalgiske musikken du har høyrt. Khruangbin betyr “flymaskin” på thai og namnet reflekterer godt musikken du får. Den er svevande og med ett herlig hint av Tarantino-vibber. Sjekk også ut albumet deira frå 2015, The Universe Smiles Upon You, om du treng meir av dette.

[soundcloud url=”https://soundcloud.com/nighttimestorieslabel/khruangbin-maria-tambien” params=”color=#ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false&show_teaser=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Asinoi – Changes

Det er vanlegare og vanlegare at alle kan lage musikk. Du treng ikkje lengre å leige studio og kunne mange instrumenter. Nå har alle en PC der du kan gjere alt, det finnes ingen grenser. Asinoi frå Karmøy er en fyr full av kreative melodier og ideer som bryter normene innen musikk du kan lage sjølv. Alt er heimelaga med ingen press frå publikum og plateselskap, og det er kanskje derfor det fungerer så bra.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/350636881″ params=”color=#ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false&show_teaser=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Jouska – Time Will Show

Duoen Jouska har funne ein egen nisje i det blomstrende elektronikamiljøet i Oslo. De lager musikk som har ein veldig jordlig sjarm. Låta er veldig venlig, men samtidig nyskapande. Eg gleder meg til å høyre meir på kva retning dei går vidare.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/344090922″ params=”color=#ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false&show_teaser=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Disaster In The Universe – Where I Cannot Go

Bandet fra Oslo har allerede bevist at de kan måle seg med dei største i Noreg. Dei har allerede spelt på de største festivalene til lands og har trollbunde mange med deira herlige psykedeliske pop-rock. Denne nye låta fortsetter alt det gode.

[soundcloud url=”https://soundcloud.com/disasterintheuniverseofficial/where-i-cannot-go” params=”color=#ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false&show_teaser=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Gonza-Ra – Just Nu

Svensk hip-hop er ikkje veldig populært i Noreg, men det er for det meste på grunn av at me er så sinnssjukt gode for øyeblikket. Gonza-Ra beviser at det er på tide å sjå over grensene igjen og sjekke ut kva söta bror har å by på. Han har her laga ein catchy låt med eit hook på linje med de aller beste. Det er viktig å huske at Sverige historisk sett alltid er først ute med trendene.

EMIR – Faller

Det er ikkje mykje å sei om EMIR aka Onge $ushimane sin nye låt. Den har alle elementene som skal til for at det skal bli den nye store hitten fra Bergen denne komande vintaren. Refrenget festar seg verkelig i hjernebarken. Eg har stor tru på dette nye solo-prosjektet, så det er bare å følge med!

Anbefalte artikler