Spillelisten uke 15

This content has been archived. It may no longer be relevant

8. Glossy Coat – Big Game

Glossy Coat er eit ganske ferskt band frå Brighton som også hamna på spelelista i haust. Låta Big Game skapte stor diskusjon i studio denne veka. Alexander og Siren likte den særleg godt, medan Halvor ikkje var like imponert. Kva tykkjer du?

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/142369107″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

7. First Aid Kit – My Silver Lining

Om Glossy Coat skapte debatt i studio denne veka, så var det stor einigheit om at First Aid Kit er heilt topp. Duoen består av søstrene Johanna (f. 1990) og Klara (f. 1993), og jentene uttalar sjølv at dei er enormt inspirert av Fleet Foxes, noko som kjem tydeleg fram i musikkbiletet. I Juni gir dei ut det nye albumet Stay Gold, og ein smakebit på det får du allereie her.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/140599293″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

6. Lone – 2 is 8

Lone er Matt Cutler sitt soloprosjekt der han eksperimenterar med å blande fleire sjangrar, blant anna house, garage og hip-hop. Matt fortel sjølv at ein stor inspirasjon til hans musikkproduksjon kjem frå vær og vind. Dette kjem kanskje overraskande på mange når dei finn ut at Matt bur i den tåkegrå byen Manchester, då det er lite ved musikken hans som gjenspeglar dette.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/142558914″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

5. Son of Swayze – Stay Here

Son of Swayze består av tre sørlendingar, som først blei kjend med kvarandre i 2007. At dei seinare, i 2012, skulle starte eit band saman, var det ingen som ante. Son of Swayze sin musikk har eit moderne uttrykk, med påverknad frå fleire epokar innan popmusikken. Bob Dylan, Simon & Garfunkel og meir moderne Bon Iver, er nokre av bandet sine inspirasjonskjelder. Kan du kjenne det att i bandet sitt lydbilete?

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/142542817″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

4. Craft Spells – Breaking the Angle Against the Tide

Craft Spells er eit firemannsband frå California beståande av Justin Paul Vallesteros, Jack Doyle Smith, Javier Suarez og Andy Lum. Med ein lågmeldt og dempa vokal kombinert med deilig frittflytande gitarspel, kan det sjangermessig beskrivast som draumande indie-pop, og minner oss tidvis om andre band som Wild Nothing og Beach Fossils. Om du har planar for å samle låter til eit soundtrack for sumaren bør du absolutt vurdere å inkludere Breaking the Angle Against the Tide.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/138920080″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

3. Mikal Cronin – Soul in Motion

Sjølv om Mikal Cronin har haldt på med sitt soloprosjekt sidan 2010, var det kanskje først i fjor at vi verkeleg fekk opp auga for han, då han gav ut det kritikarroste albumet MCII. No er Mikal tilbake, og den langhåra amerikanaren viser nok ein gong at han er ein mester på kontrastar, og varierar mellom det intense og harde, til det skjøre og rolege.

[bandcamp width=100% height=120 album=1033950080 size=large bgcol=ffffff linkcol=0687f5 tracklist=false artwork=small t=1]

 

2. Vekas album: Kråkesølv

Kråkesølv blei først for alvor kjend gjennom urørt i 2009, og har sidan den tid for lengst etablert seg som eit av Noregs leiande popgrupper. Med sitt sjølvtitulerte fjerdealbum, signaliserer kanskje bandet at dei vil tilbake til røttene, utan at vi tykkjer at dei eigentleg har endra seg så mykje.

1. Vekas låt: Pokal – For Deg Tusen Ganger Til

Dei fem gutane i Pokal møttast for fyrste gong på eit låtskriving- og musikkurs. Etterkvart blei dei gode vener, og etter ei tids jamming bestemte dei seg for å danne band saman. Dei fortel sjølv at dei har latt seg inspirere til å synge på dialekt av andre Loddefjordsband som John Olav Nilsen & Gjengen, og Fjorden Baby!, noko vi tykkjer at dei absolutt bør fortsette med!

[audio:http://srib.no/wp-content/uploads/2014/04/Pokal-For-Deg-Tusen-Ganger-Til.mp3]

 

Vekas speleliste kan du høyre på Spotify:

Anbefalte artikler