Spillelisten uke 11

This content has been archived. It may no longer be relevant

8. John Mark McMillan – Love at the End

John Mark McMillan sitt nye album blei sluppet 4. mars. Om du ikkje har høyrd det endå, kan kanskje denne låta freiste til å sjekke ut albumet Borderlands. Vi tykkjer den minner litt om både Arcade Fire og The National. Topp låt med andre ord.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/134571567″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

7. Owls – Why Oh Why

Owls blei til i 2001 for så å bli oppløyst i 2002. I 2012 blei dei gjenforent, og 25. mars kjem bandets andre studioalbum. Ein smakebit på det kan du høyre her, med låta Love at the End som tidvis kan virke som to sanger i ein. Dobbelt så bra med andre ord.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/137712080″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

6. Tacocat – You Never Came Back

Etter å ha blitt lista i veke 3, er dei fire gode venene i Tacocat no tilbake med låta You Never Came Back. Bandet fortsetter med sin ærlege, men upretensiøse stil, og smitter oss med sitt gode humør og barnslige sinn.

5. Vancouver Sleep Clinic – Flaws

17 år gamle Tim Bettinson nyttar matematikktimane på skulen til å skrive songtekstar i staden for å løyse oppgåver. Unge Tim skal nok kunne klare seg ypperleg om han ikkje skulle gjere det så altfor godt i matte, då hans musikalske talent absolutt er stort nok til å kunne dekke ei inntekt til livets opphald og vel så det. Sett deg godt til rette og nyt deilege Bon Iver-inspirerte toner frå Vancouver Sleep Clinic.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/136711705″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true”/]

 

4. Jeremiah Jae – Survival

HipHop er ei mangelvare på dei vekentlege spelelistene våre, men når vi først tar det med er det til gjengjeld råstilig. Jeremiah Jae frå Chicago vaks opp med klassisk piano og gitar, men la fullstendig om då han oppdaga HipHop og beatproduksjon. Vi tykkjer absolutt at det var eit riktig val.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/137204256″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

3. James Supercave – Old Robot

forrige vekes speleliste introduserte vi kvintetten James Supercave og låta The Right Thing. Kaja var då sikker på at den ville dukke opp på langt fleire spelelister denne våren. No er dei tilbake på spelelista vår, denne veka med den dansbare Old Robot som er minst like tøff, og som fort setter seg på hjernen. Musikkvideoen er også ein fin liten sak.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=W_XPiZvx3AM]

 

2. Vekas Album: Nai Harvest – Hold Open My Head

Nai Harvest si første plate bar tydeleg preg av å ha blitt skriven medan vokalist og gitarist Ben, satt ei veke åleine på rommet sitt og såg på Twin Peaks. På den nye EP-en har tomannsbandet derimot latt seg inspirere av indie-rock frå 90-talet, noko som er tydeleg om ein samanliknar dei to utgivelsane.

1. Vekas Låt: Caitlin Park – Hold Your Gaze

På topp denne veka finner vi Singer/Songwriter Caitlin Park. Caitlin lagar ei vedunderleg blanding av folk og electronica, altså i blandingssjangeren folktronica, og er sterkt inspirert av eldre filmar og soundtrack frå 1940-50-talet.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/135256253″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_artwork=true” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]
Vekas speleliste kan du høyre på Spotify:

Anbefalte artikler