Grenseland i pik(k)ant drama

This content has been archived. It may no longer be relevant

Ein eldre mann satte morgonkaffien i halsen onsdag 12. mars idet han ved eit uhell stilte inn på frekvensen til Studentradioen i Bergen. Det som kom ut av radiohøgtalarane var nemleg slett ikkje verken gammaldans frå Voss eller gudsteneste frå Fagernes Kirke, men tre unge og svært frisinna studiner som snakka fritt om mannlege kjønnsorgan med noko som ikkje kan omtalast som anna enn relativt eksplisitt språk. Dette synest han var meir enn nok til å nødvendiggjere ein uformell klagetelefon til ansvarleg redaktør i SriB, som ikkje synest klagen nødvendiggjorde meir enn eit klapp på skuldra og tommel opp.

Med karsk og dram

Grenseland har i ettertid ikkje klart å opprette kontakt med mannen for å takke han for og endeleg ha oppnådd det som har vore programmets overordna mål og visjon heilt sidan oppstarten. Klagen blei nemleg svært godt motteke av både jentene som var med på den aktuelle sendinga, og dei to gutane som berre var med på planlegginga og førebuinga. Sjølv om det var takka vere denne eldre mannen, og han ikkje fekk invitasjon, bestemte Grenseland seg uansett laurdag 15. mars for å feire jentene i programmet sin fantastiske bragd med brask og bram (les: karsk og dram).

Restriksjonar?

Det er allereie avklart at klagen heldigvis ikkje vil medføre nokre restriksjonar på Grenselands språkbruk i framtida. Det herskar derimot tvil om Grenseland frå no av skal kome med ein motsett såkalla “Parental advisory” som oppfordrar vaksne til å spørje barna sine dersom det er noko dei lurer på eller ikkje forstår som dei har høyrt på Grenseland, som den siste tida i aller høgste grad har levd opp til ryktet sitt som Studentradioens drøyaste program.

Dersom du blei heilt hinsides nysgjerrig på kva i alle dagar jentene i Grenseland sa som faktisk fekk ein eldre mann til å synke så lavt at han ringte inn for å klage på grov språkbruk på radioen, så kan du finne podcasten her.

Anbefalte artikler