Anmeldelse: Svømmebasseng – Broder

Svømmebasseng sin andre plate plate er ein direkte oppfølger av debuten; Fløte (2014). På Broder kan du forventa indie-pop som fortsatt er tungt inspirert av 80-talls disco med ein blanding av sukkersøte melodier og funky rytmer. Sekstetten frå Oslo som har eit nærmast seksuelt forhold til synth er tilbake, men klarar dei å surfe vidare på sin eigen unike bølge?

Svømmebasseng BroderDebutalbumet Fløte var ein hyllest til livet og kjærleiken, og var ei lita perle fylt med herlig dansbar musikk som holdt det heilt enkelt. Det behagelige lydbilde og mjuke poppen stiller få spørsmål til lytterane og krevjar lite å lika. Spørsmålet var sikkert internt om dei skulle prøve å lage noko nytt, kanskje meir moderne, eller fortsette ned ein sti dei fleste held seg langt vekke frå.

Igjen og igjen

Det er lite eksperimentering på Broder, men melodiene er fortsatt smakfulle og foten bevegar seg nesten ufrivillig. Singelen “Følger deg Hjem”, som også kom med på “Bli Med” EP-en fra i fjor, slo halvvegs gjennom som ein gøy danselåt og eg håpte på meir av det samme. Uheldigvis kjører Svømmebasseng litt for trygt og leverar mange låter som eg sliter litt med å skilja frå kverandre. Det blir fort gjentakande og litt irriterande. Det hjelp enormt at det er to vokalistar på plata, som held plata dynamisk. Dette er spesielt tydelig på låta “Skapt For Hverandre” der Ine Johnsen og Lars Sandbakken (vokalistar) høyres ut som ett nyforelska par.

Klisjé

Det første som slår meg når eg høyrar på Broder, er at tekstane er meir ungdommelige som til tider er sjarmerande og litt søtt. Åpningssporet “Epleslang” i tillegg andre låter som “Skapt For Hverandre” og “Smil”, handler alle om kjærleik -og følger nesten alle klisjéane du kan tenka deg. Låta “Klisjé” visar korleis bandet er bevisst på dette med tekstar som:

“Det er klisjé, det er en klisjé
Samme det, om det føles bra, baby
Når tiden står stille, og vi bare tikker og går
For det er en klisjé, det er en klisjé
Dette livet, men vi lever det.”

Heldigvis er ikkje tekstane i fokus her, som sikkert er for det besta. Det blir for litt for mykje pseudo-poesi og lite substans med nokre unntak Svømmebasseng lagar ikkje musikk som du skal analysera for mykje, det er musikk du skal dansa til. Nyta jordbær med fløyte til. Enkelt og greit musikk som du skal bli glad av.

Tidsmaskinen

Fleire norske artistar bruker nå nostalgiske element i låtene, men ingen klarar det like bra som Svømmebasseng. Synthen, bassen og vokalane drar deg direkte tilbake til 80-talet og slepp ikkje taket før alle 10 låtane er over. Perfekt musikk til ein temafest der du går i wacky kler, enorme parykker og drikker alt for søt punch. Eller bare musikk som kan liggja i bakgrunnen når du kjørar på motorvegen i byen om natta med lys på alle sider som blandar seg med seg sjølv.

Dans til låta “Sølvfat” her:
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=uex8nUw0ZZg&w=560&h=315]

Anbefalte artikler