Ukas låt: Johannes Holtmon – Alien Alein

Øverst på lista vår denne uka finn me ein poetisk sjel med navn Johannes Holtmon frå Trondheim. Grunnen til dette er at han er både smart og utrulig flink musikalsk. Holtmon har bevegd seg frå å laga visesanger om korleis det er å vokse og og overleve i ett moderne Noreg til å rein indie-pop, og han treff blink. Teksten som minnar meg om noko av det beste frå deLillos går virkelig rett inn til hjartet.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/321071713″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Pogo Pops – Bright Lights

Dette er bandet du kanskje har høyrt om, men som du aldri kunne ha nynna ein låt av. Mest kjent frå 90-talet og hitten “Man Inside My Head”, har Pogo Pops klart å snika seg inn på lista vår. Bandet som var eit av dei første som surfa på bergensbølgen, og dei har virkelig klart å holda seg ferske. Låta er ein del av deiras muligens siste album, og er verkeleg verdt å høyra.

[bandcamp width=100% height=120 album=3130281 size=large bgcol=ffffff linkcol=0687f5 tracklist=false artwork=small track=3597710399]

Perera Elsewhere – Happened

“Hear the drummer get ready”. Sjeldan har dei første ordene av ein låt vore meir presise. Dei hypnotiserane trommene som ruller gjennom heile låta til det Berlin-baserte bandet Perera Elsewhere er noko av det sjukaste eg har høyrt i år. Vokalene supplementerer også perfekt den litt dystre men også episke låta og løftar den til ett litt overnaturlig og okkult nivå.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/318282070″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Sigrid – Plot Twist

Det er ikkje mykje eg treng å skrive om Sigrid Raabe frå Bergen som ikkje allerede er sagt. I starten av 2017 fekk ho sitt internasjonale gjennombrudd som var større enn eg nokon gong kunne ha sett for meg. Raabe er ei jordnær og talentfull jente som blei oppdaga av sjølvaste Elton John. Snart spelar ho nok på dei største scenene i landet uten bremser rett mot toppen av poppen. Plot Twist er ein super oppfølger til monster hitten “Don’t Kill My Vibe”.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=o0j8dwr0Npg&w=560&h=315]

The Pale White – Turn It Around

Frå rockebyen Newcastle finn me The Pale White. Ei gruppe beståande av tre unge musikarar som blander Arctic Monkeys med The Black Keys og ett hint av Red Hot Chili Peppers. Det er ein oppskrift på bra musikk, og dei leverer uten tvil noko av det råaste eg har høyrt frå England i år.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=YeuliTPArdg&w=560&h=315]

KingSkurkOne – Dum Je$u$

2016 var året Oslo-rapperen Cezinando slo igjennom for fult, og eg kan spå at 2017 blir KingSkurkOne sitt år. Fyren som alltid virker glad og smilande slapp i fjor ein EP som skaffa han nasjonal oppmerksomhet. Han er blandt anna ein av Lars Vaular sine favoritter for øyeblikket. Stilen er fersk og unik, hans lyse vokaler skiller han også ut i frå andre hip-hop artistar. Dum Je$u$ er sansynligvis bare ein liten smakebit på kva han kjem til å utretta i år, og det er ein jævlig god smakebit.

Lekende Lett – Bli Hos Meg

Duoen fra Bergen er ikkje lett å setta fingeren på. Dei vil ikkje røpa noko personlig før musikken har nådd ut til folket. De har bare tre låter ute, men har allerede blitt delt av nye fans som A-Laget og Hester V75. Låta er svevande og original. Den drar deg inn med enkle vokalar og rå produksjon.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/317156922″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Anbefalte artikler