Andakt med Anders: Lesesal

This content has been archived. It may no longer be relevant

Hør teksten som lydklipp nederst i saken.

Det er måndag. Klokka er 14.00, og dagens forelesing er over. Til trass for at eg ikkje er blant dei som har begynt å rasla med sekken for å signalisera at me no er elleve sekund over tida, er eg kjapt ute av auditoriet. Ikkje fordi eg har hastverk, og ikkje fordi eg skal rekka ein buss. Nei… Nei, langt ifrå. Eg vil berre ikkje sjå mine medstudentar reisa ifrå meg. Det er trist, for eg skulle gjerne hatt det same reisemålet som dei har. Eg mistenker iallfall at mange studentar, etter to vonde timar på kinosetet sin vonde og lett tilbakeståande tvillingbror, vil lengta etter den deilige IKEA-senga.

Eg skulle gjerne ha ete knekkebrød og lagt meg ned i senga, i den rekkefølga, for å kompensera for den elendige søvnen natta i forkant. Men nei… nei, for min del har dagen nettopp starta. For det er måndag. Møtemåndag. Eg har sjølvsagt vore så dum at eg har sagt ja til å delta i allslags møter i Studentradioen. Første møte startar klokka fire, og deretter følg møta som perler i klor. Eg prøver iallfall å vera flink i dei to timane mellom forelesing og møte. To timar er nemleg altfor kort tid til å reisa heim på, og då blir det lesing. Lesing på lesesalen.

Men to rolige timar på lesesalen er ikkje så gale det. Etter eit kjapt toalettbesøk, er eg på leit etter ein heilt enkel lesesal kor ein kan lesa bøker, OG INGENTING ANNA! Den ivrige og håpefulle PC-tastinga som ein kjenner igjen frå førstesemester-fag, er ikkje noko å lengta etter mens ein prøver å lesa. Då finn eg den livstrøtte tredjeårs-studenten si mangel på tasting og livsgnist meir appellerande. Ah, sjå der, ja!

På denne lesesalen er det IKKJE tillat å bruke PC.

IKKJE med store bokstavar. Det er deilig… På den andre sida av døra blir eg møtt av ei jente. Blond i håret. Blå auge. Sjuar. Ho sit inst i salen. Eit forsiktig smil. Ei open bok. Ting ser bra ut, og eg sit meg ned på næraste stol. Eg tar opp ei bok, og skal akkurat til å slenga mursteinen i pulten, då det skjer… NEI, FY FAEN! FY FAEN!

Jenta hadde gøymt pc-en sin bak ein skiljevegg, og no flaug tastane i alle retningar. Ja, no skulle ho liksom begynna å tasta! No som eg hadde hengt opp jakka på stolen, skrudd på leselampa, og funne ein sittestilling! Kunne ho ikkje starta med tastinga si før? Eg kjente på eit enormt raseri, men samtidig kjente eg på kor godt det hadde vore å få «eg har kjærast»-svaret på byen den eine gongen. Så eg må berre få lov til å takka den uhyggelege jenta på Kvarteret sitt dansegolv (30. januar 2016). Men eg spør igjen, kunne ho ikkje ha starta med den tastinga si litt tidlegare? Snakk om å leika med folk sine liv.

I det eg har løfta peikefinger, og skal til å kremta fram eit «…unnskyld?», så opnar døra seg. Den blir opna på nytt, og på nytt, og det strøymer inn med hokjønn. Fleire enn kva eg kan tella med ei hand. Peikefingeren som for nokre sekund sidan stod rett til vêrs, glir no gjennom håret, som den ofte gjer etter eit mislykka hels. Plutseleg tar alle jentene til tastane.

FAEN! FAEN I HELVETE! MÅ EIN IKKJE KUNNA LESA FOR Å SKRIVA DÅ?!

PC var jo ikkje tillat her inne, og det burde faen ikkje gamaldagse mobilar vera heller. Ho som sit nærast meg, har sjølvsagt ein sånn ein. Hadde det berre vore ei på dei tastane, som det opphaveleg var, så skulle eg ha ordna opp i dette. Men det å gå imot ein heil flokk, det er eg mildt sagt skeptisk til, noko eg har vore sidan russetida… Då det blei stilt spørsmålsteikn ved at dei arrogante, populært kalla dei populære jentene, prakka på oss eit tonn med Grandonkel Finns sjokoladepletter for å finansiera deira sydentur. Det var lite fornuftig å høyra i retur. Det vesle spørsmålsteiknet utløyste ei enorm lydbølge, med lyd så høg, og så lys, at den kunne tatt knekken på alt av Olga Marie Mikalsen sitt spesialservise… Ein kan bli mannssjåvinist av mindre.

Jaja. No er det berre ein time og tre kvarter igjen til møte.

Hør andakten her:

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/249972997″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”150″ iframe=”true” /]

 

Her kan du høre resten av Anders sine andaktar:

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/playlists/221285334″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”450″ iframe=”true” /]

Anbefalte artikler