Spillelisten uke 39

This content has been archived. It may no longer be relevant

UKAS LÅT: Great News – Love Her

Då me i trigger høyrte gjennom ukas låter var det mykje bra og forskjellig å velge mellom, men låta “Love Her” frå lokalbandet Great News skilte seg ut. Det catchy refrenget og den kompetente og klare gitaren i bakgrunnen setter seg fast i hovudet.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/222976330″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Me and the Julios – Jarle Klepp

Gutane frå Oslo som dannar Me and the Julios lagar musikk frå musikklinja på Manglerud, og det er så bra at de lett kan bli noregs neste store band. Unge musikarar som fleksar musklar er alltid gøy å sjå. “Jarle Klepp” er kanskje den beste låta til nå, så skjekk den ut.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/220892377″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Max Pope – All That I Need

Avslappende toner og ein vokal med full kontroll er noko av det du kan forventa frå den britiske Max Pope. Låta “All That I Need” er ein mix mellom old fashioned og ny-moderne. Perfekt til ein kald haust-dag.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/223942237″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Tellef Raabe – Faye Dunaway

Skjølv beskriv han musikken sin som “dark pop” og “weird pop”, og at folk kan skjølv bestemma kvar dei vil kategorisera han den vide sjangeren som er pop. Bergenseren syng om ein gammal ex, men blandar inn mange hint til favoritt skodespelar Faye Dunaway sine filmar. Låta kling bra og me i Trigger ser veldig fram til fleire møte med den aktuelle nordmannen som nå holder til i Bergen.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/170904775″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Longfield and Super Skeleton – Selfish Needs

Frå Haugesund finn me ein gjeng unge menn som lager original og tight poprock. Longfield & Super Skeletons jobber stadig med nye prosjekt, som for eksempel musikkvideoar. Finn dei på youtube om du vil ha ein god dose med humor og fantastisk musikk.

The Beverleys – Visions

Når dei tre jentene frå Canada signerte med Buzz Records for eit par år sidan gjorde dei eit bra val. Dei har klart å produsere ein unik punk/grudge stil som bare kan beskrivast som rått. Med hjelp får Buzz Records kan dei også fortsetta i fleire år, skjølv om dei kanskje ikkje får så stor kommersiell suksess, og det er me glade for.


The Yum Dee Days – Everyones your friend

For The Yum Dee Days er det bare ein ting som betyr noko, og det er å lage bra musikk. Dei driter i PR og penger, og informasjon om bandet er ikkje lett å komma over, men når du tar deg tid til å høyre på dei, kan du merka at dei burde være meir kjent.
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/222943979″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

 

Anbefalte artikler