Difor er parodiar så morosame

This content has been archived. It may no longer be relevant

Parodiar tek ofte for seg overdreven humor frå originalen. Skurkane er overdrevne, dramatiske og tapar som regel i stor stil ovanfor helten i filmen. Ein god hjelpar eller to er alltid med. Ofte ender dei opp med å gjere ting verre før alt går bra igjen og de fungerer som ein slags livvakt for hovedpersonen, som nokon gonger har ein lei tendens til å rote seg opp i ting og ikkje heilt skjønner kvifor enkelte er sinte på han.

Menn i trange strømper

Ta for eksempel filmen Robin Hood: Men in Tights. Tematikken i denne filmen speler mykje på dei klassiske eventyra; helten i historia har vore borte i mange år og heimlandet har falt i hendene på skurkar, som styrer med jernhand og held prinsessa fanga. Helten kjem tilbake til heimstaden sin og ser kva som har skjedd. Han samlar ei gruppe mennesker som er villige til å hjelpe han med å stå imot den onde tronrøvaren. I ein scene frå filmen, har Robin forkledd seg og er med i ein pil og bue-konkurranse som han taper. Denne scena ender med at han dreg fram manuskriptet, og blar fram til rett side, der han då finner ut at han får eit skot til. Sheriffen og prinsen er skeptiske og gjer det same. Dei finn og ut at Robin faktisk får eit skot til. Slik vinn Robin konkurransen, i klassisk eventyrstil.

Se traileren til Robin Hood: Men in Tights her:

[youtube=https://www.youtube.com/watch?v=dX4Ik-cyp-I]

 

Kongen av parodiar

Når me først snakkar om parodiar, så kan me ikkje la være å nevne Leslie Nielsen. Mannen blir omtala som kongen av parodi-filmar og er kjent for sine rolletolkningar av blant anna Dracula i Dracula: Dead and Loving It, og etterforsker Frank Drebin i Mannen med den nakne pistol-trilogien. Nielsen visste korleis han skulle få publikum til å le,og dette vises i den fantastiske humoren i begge dei nevnte rollene.

Klønete etterforsker og inspektør

Inspektør Frank Drebin (spelt av Leslie Nielsen) i Mannen med den nakne pistol er eit prakteksempel på ein god hovedkarakter i ein parodifilm. Drebin er ein noko klønete etterforsker i LAPD (Los Angeles Police Department). Han er av den sorten som uansett, sjølv om han har gode intensjonar, ender med å gjere ting verre. Likevel klarer han som regel å komme seg ut av knipene med nokon triks og litt hjelp, ofte på bekostning av andre uskuldige som er til stades.

Inspektøren er som regel ganske uoppmerksom på det som foregår rundt ham, og det er ofte opp til kollegaen, Etterforsker Nordberg (spelt av O.J. Simpson) å følgje med når dei er ute etter å finne bevis. I den siste filmen, Naked Gun 33 1/3: The Final Insult, er Drebin og Nordberg på jakt etter terrorister som planlegg å sprenge ei bombe under Oscar-utdelingen, og  inspektør Drebin stormer scenen under kåringa av beste film, og klarer å klusse til heile seremonien, før skurkane vert fanga og Drebin redder dagen i kjent og lettare klønete stil.

Se traileren til Mannen med den nakne pistol her:

[youtube=https://www.youtube.com/watch?v=YAXlWVKcGjM]

 

Kort oppsummert, så er parodier veldig humoristisk overdrevne med hovedkarakterar som ikkje alltid er så flinke som dei sjølv trur dei er, og dei ender med å skape meir kaos enn det dei klarer å stoppe. Ofte får dei med seg andre karakterer, som ender opp med å måtte ta støyten av det hovedkarakteren gjer. Skurkane er endå meir overdrevne (dei grenser ofte mot det teatralske), og sett ofte i stand store jakter på helten, og dei ender som aldri bra.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler