@Jegharenvennsom

This content has been archived. It may no longer be relevant

Eg spør berre for ein venn altså

Er det noko som plagar deg, slik som porno-Egil som har dårleg samvit for å ha stelt eit pornoblad? Har du kviser på ryggen din som du gjerne vil ha vekk? Eller står du i ein vanskeleg situasjon som Per der han sendte SMS til eksen med ”vil du pule?” på fylla?
Vi er problemløysarar og er villige til å hjelpe deg. Om det er ditt eller din vens problem spelar inga rolle. Kvar onsdag kjem det nye problem som vener av oss vil ta opp. For det vi diskuterer er problem som venene våre har. Eller er det det?

Porno-Egil

Egil er ein 20 år gammal gut som jobbar deltid på Narvesen. Han jobbar kveldar i vekedagane og studerer ved sida av jobben. På seinvakter på Narvesen er det kun ein på jobb. På denne kiosken fins det mange typar blad. Hesteblad for jenter og pornoblad for dei vaksne. Ein kveld jobba Egil seinvakt. Han gjekk bort til pornoblada og tok ned eit pornoblad med kvinner 50 år og oppover. Egil stelte bladet og har no dårleg samvit.

No slit Egil med samvitet og lurar på om han skal fortelje dette til sjefen eller å holde tett om hendinga.

Høyr våre råd til korleis Egil skal få betre samvit:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/03/porno-egil.mp3]

Våt natt på nachspiel

Bjørg er ei 20 år gammal jente frå Bergen. Ho studerer ved universitetet i Bergen og er glad i å ta seg ein fest av og til. Denne gangen Bjørg er ute møter ho to kjekke karar og bestemm seg for å reise på nachspiel heime hos den eine karen. Den kjekkaste karen har sex saman med Bjørg i ei etasjeseng. Etter at dei er ferdige sovner Bjørg, medan karen legg seg i senga under. Denne kvelden har Bjørg drukke mykje øl og er ganske tissetrengt. Det som uheldigvis skjer er at ho tissar på seg. Dette renn ned på den eine karen.

Korleis skal Bjørg komme seg vekk frå denne situasjonen og ikkje bli kjend for å være tisse-Bjørg?

Høyr våre råd til korleis Bjørg skal kome seg vekk frå denne situasjonen:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/03/bjorg-sitt-problem.mp3]

@jegharenvennsom

Følg @jegharenvennsom for å få med deg dei siste problema som blir diskutert kvar onsdag!

Vil du har råd til problem som dine vener har? Send oss gjerne direktemelding til twitter-kontoen @jegharenvennsom. Bidraget ditt blir sjølvsagt anonymt, og du får eit pseudonym, altså eit fiktivt namn. Vi har allereie hjelpt Egil og Bjørg. Er du den neste?

Anbefalte artikler