Den vesle, store stemma

This content has been archived. It may no longer be relevant

I haust rei Marie Kristin Dale rundt på hesten sin medan ho var aktuell med intimkonsert på Victoria Pub heime i Bergen. Denne gongen har ho skaffa seg både band og bil, i tillegg til eigen vestlandsturné. Og torsdag kveld var det på ny konsert i Bergen, men denne gongen var det Hulen som sto for tur.

– Telenor Arena neste! er hennar klare beskjed.

Vestlandsturné

Ho står fram med glimt i auget. Og om ho sjarmerer halvparten berre ved sitt gode humør og smil, så bergtar ho den andre halvparten når ho finn fram gitaren og brukar si lune røyst.

Dei siste månadane har ho reist mellom fjord og fjell og spreidd musikalsk glede saman med trioen sin som ho utgjer i lag med Ilvars Vitolins og Felix Rudi på høvesvis bass og trommer.

– Vi har sust rundt på Vestlandet og berre spelt og spelt og spelt.

Med konsertar nesten kvar einaste helg, frå den eine periferien til den andre, frå Høyanger til Odda, har det vore hektiske tider. Likevel seier ho seg heldig som får lov til å turnere rundt.

Og torsdag var ho meir enn klar til å innta scena på Hulen. Sjølv om begge stadar har sin sjarm, så seier ho at rockebula bak Nygårdshøyden blir eit lite steg opp frå lanseringsfesten på Victoria Pub i november.

– For det første: Hulen er ei scene, med god lyd. Folk kjem for å høyre på musikken. Victoria Pub er litt meir sånn at når du går inn døra, så ser det meir ut som ei stove. Nittini prosent av møblane er store, gamle sofaer.

Lytt til Marie Kristin Dales liveframføring av “Lady in red” her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/02/Marie-Kristin-Dale-Lady-In-red.mp3]
Trioen har nytt nokre ferjeoverfartar under vinterens turné. (Foto: Marie Kristin Dale Trio)
Trioen har nytt nokre ferjeoverfartar under vinterens turné. (Foto: Marie Kristin Dale Music)

Tjukkhuda

Dermed låg det meste til rette for ein god konsert på Hulen torsdag kveld. Ikkje minst sidan ein då slepp alle dei bygdeoriginalane ho har møtt på turneen sin: dei som kun kjem til puben for å ta seg ein pils eller fire, ikkje for å sjå og høyre Marie Kristin Dale Trio.

– Det er tungt, men eg føler huda mi har blitt tjukkare sidan sist.

Ved eit høve var det eit entreprenørselskap ute på vift som ikkje utan vidare var nøgd med underhaldninga: “Spel noko Creedence!”. Eller når ivrige, vaksne mannfolk med manglande dømmekraft inntar scena med luftgitar og skal gnikke seg mot trioens vokalist og gitarist.

Lytt til intervjuet her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/02/MarieKristinDale.mp3]
Marie Kristin Dale på besøk hjå Studentmorgen torsdag. (Foto: Anders Lohne Fosse)
Marie Kristin Dale på besøk hjå Studentmorgen torsdag. (Foto: Anders Lohne Fosse)

Release-aktuell

Det er likevel ikkje berre konsertar som opptar tida for Marie Kristin Dale Trio. For Dale er stornøgd med å ha fått to nye låtar ferdig innspelt. Og det var aldri snakk om å ha noko “glattpolert pop-avtrykk” på sitt verk. Når trioen gjekk i studio skulle ein gjere det med ein autentisk “livesound”.

Etter litt prøving og feiling, fann ein til slutt riktig kjemi og energi slik at ein fekk spelt inn alt på eitt opptak. Det betyr at single-release er på trappene.

Med andre ord er det gode grunnar til å følgje med på Marie Kristin Dale Trio framover. Trioen skal spele fleire gongar i Bergen i løpet av året, mellom anna når Tall Ships Race-festivitetane kjem til Bergen i sommar.

Anbefalte artikler