Dr. Berglands lattermedisin

This content has been archived. It may no longer be relevant

Jonas Kinge Bergland er mellom dei sju fjell med splitter ny framsyning. Ein god latter forlengjer livet, og kjenner ein komikarlegen rett, blir det fort ei utvida pensjonisttilvære for dei som finn vegen til Ricks denne veka. Studentmorgon fekk ikkje berre komikaren i tale, han heiv seg også med på Løgnhals, programmets eige Pinocchio-alibi.

Lettlurt?

For Kinge Bergland fekk makt til å grille radioens vertskap Tonje og Erlend i torsdagsmorgons faste og alltid livlege spalte: Løgnhals. Hadde godguten Erlend verkeleg blitt utvist frå skulen, og kan Tonje ha satt delvis fyr på stova si med fyrverkeri? Det var utgangspunktet komikargjesten fekk.

Kunne dette stemme, eller var dette berre løgn, fjas og fanteri? Lytt til lydklippet under for å finne ut om Kinge Bergland festa lit til Tonjes historie:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/01/JonasKingeBergland-stud.morgen-lognhals.mp3]

Køyrer solo

Kinge Bergland er for tida aktuell med si nye framsyning “Dr. Bergland og den alternative medisin”. I løpet av dei neste par månadane skal han underhalde frå nord til sør, og Bergen er blant dei første stoppestadane på turneen.

Til trass for å ha vore i humorbransjen i fleire år er det først no at han fullt ut køyrer sitt eige løp.

– No er det berre meg. Eg har vore med på framsyningar og spelt same show kveld etter kveld tidlegare, men eg har aldri hatt mi eiga solo-framsyning. Så det er første runde ut, så det er litt spennande.

Tvilsam start i Fredrikstad

Turneen begynte førre helg i Fredrikstad. Men ifølgje han sjølv, så var det ikkje tidenes premiere.

– Det gjekk heilt sjukt dårleg. Eller … eg gjorde det ikkje dårleg, for arrangøren hadde ikkje sagt at det var show. Det var gratis inngang, folk satt og åt…Det var kanskje ti-tolv som kom for å sjå på framsyninga mi, dei 150 andre ga faen. Det var heilt elendig arrangert.

I tillegg får det tekniske gjennomgå.

– Det einaste lyset på scena var eit discolys. Det høyrast ut som ein vits, men det er faktisk sant. Eg veksla mellom å vere gul, blå, raud og grøn undervegs i showet.

Kinge Bergland fortel med ein komisk distanse til det heile, sjølv om det heile toppa seg når han fekk selskap på scena.

– Først er det ein fyr som er i telefonen som kjem opp på scena og spør kor lenge eg skal halde på. Så kom det endå ein fyr opp på scena og tar mikrofonen. Og då snakkar eg jo om alternativ medisin og healing, så eg spurte om han var healer liksom. Og det var han då!

Og før Kinge Bergland visste ordet av det, hadde han fått helsingar frå Snåsamannen, og fått høyre ein groviss om seg sjølv – på det som i utgangspunktet var hans eige show. Han innrømmer ein liten sjølvtillitsknekk, men dess betre grunn har han til å sjå framover.

– Det er det som er så deilig med Bergen, dei kan jo arrangere ting. Det har vore på stell tidlegare, så eg gler meg veldig.

Så etter fadesen i Fredrikstad, så kan ein gjerne seie at den eigentlege turnestarten er i Bergen. Få med deg Dr. Berglands framsyning på Ricks torsdag og fredag denne veka.

Lytt til intervjuet med Kinge Bergland under:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/01/jonasKingeBergland-studmorgen.mp3]

Anbefalte artikler