Anmeldelse: Lone Survivor

This content has been archived. It may no longer be relevant

Marcus Luttrell og teamet hans av Navy SEALs er på oppdrag i fjella i Afghanistan, på jakt etter den berykta terrorist-leiaren Ahmad Shahd. Då oppdraget går skeis må amerikanarane flykta. Stort sett ned klipper og skråningar, med skytande terroristar hakk i hel.

Overleving

Dette er ein overlevingsfilm, og som tittelen tilseier er det ikkje mange overlevande igjen til slutt. Denne filmen handlar ikkje så mykje om kven som overlev, men korleis. Her har filmskaparane teke seg fridomar i forhold til boka den er basert på, noko som sjølvsagt er naudsynt.

Korleis dei overlev er til tider eit brutalt skode. Soldatane får alt ein kan tenkje seg av skotskadar, men for publikum er nok deira flukt ned klipper og skråningar hakket verre å sjå på. Då flukta deira startar er det få pustepausar for publikum, og det er berre å halde seg fast.

Eric Bane i Lone Survivor
Eric Bana i Lone Survivor. (Foto: SF Norge)

Amerikansk patriotisme

Filmen er basert på boka til den ekte Marcus Luttrell, men har sjølvsagt teke seg fridomar. Amerikansk patriotisme er smurt godt på, utan at ein nødvendigvis sit å irriterer seg over dette.

Skodespelarane gjer ein heilt grei jobb. Ben Foster er som vanleg den litt ustabile typen, Mark Wahlberg held seg bra som helten, og det er gledelig å sjå Emile Hirsch i ein storfilm igjen. Regissør Peter Berg (Battleship, The Kingdom, Friday Night Lights) leverer ein over gjennomsnittet god film, men ikkje stort meir.

Ta med nokre kompisar og sjå Lone Survivor, men ikkje forvent meir enn reinspikka action. Noko som slettes ikkje er å forakte.

Anbefalte artikler