Vis meg kroppsavfallet ditt, og eg skal sei deg kven du er

This content has been archived. It may no longer be relevant

Urin, snørr, sæd, oppkast, brystmelk, promp, utflod, bæsj og puss. Det kjem mykje ut av kroppen og den kvitter seg store mengder avfallsprodukt. Avfallsprodukta seier mykje om korleis kroppen har det. Farge, tekstur og frekvens på avføring kan avsløre både kva du et og korleis kroppens innsider verkeleg har det, blod i urinen kan påvise kreft og klumpete gul utflod kan tyde på eit noko ubeskytta sexliv.

Kvifor MÅ me kvitte oss med dritten?

Kroppslig avfall er eit biprodukt av kroppens stadige produksjon og fornying av eigene celler. Om kroppen ikkje kvitter seg med desse biprodukta og dei får akkumulere i systemet vil dei kunne skade kroppens organer. Kroppen kan altså forgifte seg sjølv. Tildømes fungerer nyrene som eit filter for blodet og reinskar slik ut saltar og urea som ved høge konsentrasjonar er giftig. Ved nyresvikt må pasientar få blodet filtrert mekanisk ved dialyse. Etter så lite som tre dagar utan reinsking vil det kunne oppstå organskader som kan være livstrugande.

Kroppsavfallet over alle kroppsavfall

Avføring er som kjend brun, lukter vondt og har konsistens som varierer frå krema til hard. Mennesker flest vel å ikkje ha eit forhold til avføringa si, dei sit på ramma, kvitter seg med avfallet, trekker hurtig i snora og tenker ikkje tilbake. Mange burde likevel revurdere forholdet til avføringa si, ved å dedisere litt tid og omtanke til det du nettopp kvitta deg med kan ein få eit innblikk i eiga helse.

Fargen på avføring varierer med kva ein et, både rødbeter og anna mat med mykje fargestoffer kan endre på fargen og dette er heilt ufarlig. To farger skal ein likevel være obs på. Svart avføring kan komme av store mengder koagulert blod i avføringa, dette igjen kan tyde på blødninger i magesekk eller øvre del av tarmen, ved svart avføring bør ein straks kontakte lege. Om ein ser raudt blod i avføringa er dette og noko ein skal være obs på. Som oftast kjem det av ubetydelige ting som rifter i analveggen eller hemoroider, men kan og være forårsaka av kreft eller betennelse i tjukk eller endetarm og det er lurt å kontakte lege.

Frekvens og konsistens på avføringa er og viktige faktorar. Dei aller fleste mennesker har ein relativt stødig frekvens på avføringa, dette er individuelt og kan variere frå ein gang kvar to til tre dager til opptil fleire ganger for dagen. Eit varselsymptom her er når frekvensen forandrar seg og er varierande over lengre tid.

Veldig laus avføring omtalast gjerne som diaré, og kan komme av matintoleranse (som tildømes laktosintoleranse), bakterielle og virale mageinfeksjoner eller av lakserende stoffer som tildømes kunstige søtningsstoffer. Treig avføring kallar ein forstopping, dette er ofte årsaka av dårlig diett, for lite vatninntak eller for lite fysisk aktivitet.

Kroppslig kjem med ein heilhjarta oppfordring til alle der ute om å titte ein gang ekstra i toalettet og lære litt meir om seg sjølv.

Sjølv om det vedgår absolutt alle mennesker er kroppslig avfall ofte eit tabubelagt tema. Dei aller færraste verken tør eller ønsker å snakke om eiga avføring med andre, dei aller fleste snakkar ikkje med legen om det ein gang. Me i Kroppslig slo sist sending eit slag for den opne samtalen om kroppslig avfall, og nytta heile sendinga til å prate om dette. Kvifor har Sondre ein bæsjeliga? Har Jacob noko i mot å kjøre brannbil? Og kva er det Kari syns det er så ekkelt å prate om? Lytt til podcasten og finn ut sjølv.

Siste podcaster

  • Kaffe og Koffein
    Maria og Julian er i studio for å snakke om kaffe! Hva gjør det med oss, hvorfor burde vi eller burde vi ikke drikke det, og hvor mye er FOR mye? Vi får en uventet innringer, Maria har forberedt en kaffequiz og Julian har funnet masse argumenter som forsvarer hans overdrevne kaffeinntak. Len dere tilbake med en stor kopp kaffe og nyt.

Anbefalte artikler