Kjendiskjærleik

This content has been archived. It may no longer be relevant

Er du i 20-åra og har framleis plakat av ein kjendis som du er forelska i hengande over senga? Fortvil ikkje. Vi har framleis plakatar over senga av kjendisar som vi er forelska i. Det er ikkje flaut å ha John Arne Riise, eller Katy Perry hengande over senga fordi du syns dei er fine.

– Hold dykk innanfor landsgrensa

Supervikaren meiner at ein skal halde seg innanfor landsgrensa. Ho meiner det er større sannsynlegheit å møte kjendisen om han/ho er norsk.

– Om eg hadde visst at John Arne Riise hadde vore på Jotunheimen samtidig som meg hadde eg brekt beinet.

Medan supervikaren vil halde seg innanfor Noreg, vel vi andre i studio å tenke over grensa, og siktar til kjendisar som David Tennant og Chase Crawford.

Kven er supervikaren?

Høyr klippet her;

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/11/kjendislove.mp3]

Har du ein kjendis som du er forelska i? Ta bilde av deg sjølv og av kjendisen du er forelska i. Del dette med oss på Facebook gjennom studentmorgen – lyden av studentlivet og gjennom instagram med #kjendiskjarleik

Anbefalte artikler