– Fekk ikkje vist kva eg var god for

This content has been archived. It may no longer be relevant

Thoresen, som hadde tre kampar i UFC før han vart frigjort frå organisasjonen, er sugen på retur til ‘the octagon’. Men før det kan bli ein realitet, må han nok ein gong bevise kva han er god for. Ein av dei sjansane var Superior Challenge 9, der Simeon skulle møte Domingos Mestre.

Heile intervjuet kan du høyre i denne vekas episode av MMA-Revyen, gjennom link til iTunes, link til RSS, eller som streaming nederst i artikkelen.

Tvungen ut av Superior Challenge med skade

Thoresen (17-4) skulle møte Domingos Mestre (11-6) på Superior Challenge 9, sammen med mange av dei mest kjente skandinaviske MMA-utøverane i dag, som Sami Aziz, Anton Kuivanen, Bessam Yousef og vår eigen Emil Weber Meek.

Thoresen vart tvungen ut av kampen, rett etter at Domingos Meste meldte avbud, på grunn av brudd i tær.

Skada kom på eit særleg dårlig tidspunkt for Thoresen, som klør etter å komme tilbake i seiersmodus, særleg fram mot april, når UFC atter ein gong skal halde stevne i Stockholm.

– Vil tilbake til UFC

UFC skal tradisjonen tru halde stevne i Stockholm i april neste år, og då oppstår det alltid litt snakk rundt aktuelle norske MMA-utøvarar. Thoresen ønsker ein rask retur til Octagonet.

– Eg vil gjerne tilbake igjen, og eg føler at eg ikkje trenger så mange kampar. Eg trenger ein kamp i alle fall for å komme i gang igjen. Eg vil gjerne ha eit par kampar, det vil eg såklart, for å få vinnarkjensla tilbake.

Stevnet i Stockholm kan være ein rask ingongsbillett tilbake.

– Ja, det er store moglegheiter for det.

Fleire av sigerane til Thoresen har kome via submissions, men for Simeon sin del spelar det inga rolle kva måte han vinn på.

– Eg er alltid ute etter å vinne. Det er det viktigaste. Korleis eg vinn spelar eigentleg inga rolle. Men eg vil helst avslutte ein kamp, eg likar ikkje å gå til dommaravgjersle.

ThoresenNov2
Simeon Thoresen etter trening i Frontline Pro Team. Thoresen er den einaste nordmannen som har vunne i UFC. Foto: Sverre Humberset Hagen.

– Følte eg ikkje fekk vist noko av det eg var

Mange fightere oppleve ein mental knekk når dei blir kutta frå UFC, og det einaste som står i tankane deira er tilbakekomsten til organisasjonen. Thoresen fortel at det var tungt å bli frigitt.

– Eg følte at eg ikkje fekk vist noko av det eg var i kampane, så eg vil gjerne tilbake for å vise kva eg kan.

Trass nedturen er Thoresen fortsatt fast bestemt på å oppnå draumen, nemleg det å bli blant dei beste. Han fekk tre kampar i UFC, der siste kampen var tap. Men måten han vart frigjort på, var heller spesiell.

– Eg hadde ingen dialog med dei, det var manageren min som tok seg av. Det han sa var at dei ikkje var heilt sikre, men at nokon lekka ut ei liste med dei 15 namna som var aktuelle å sleppe ut og då kunne ikkje UFC gå tilbake på det. Og då blei til og med Jon Fitch releasa samtidig.

ThoresenNov1
Thoresen med ein rear naked choke på sparringspartner. Foto: Sverre Humberset Hagen.

Ulike måtar å gjere fight-research

Researchen Thoresen gjer for å bli kjent med motstanderen går ut på fleire måtar, og ikkje berre klipp på YouTube.

– Ein sjekkar fight statistikk, for å sjå kva type kampar han har vunne, kva han har vunne på, og også kva han har tapt på. Då er det greit å sjå kva teknikkar som har blitt brukt av han og mot han. Deretter er det å filmsida, for å sjå om han har svakheiter.

Simeon Thoresen meiner likevel det ikkje er lurt å gå ut i frå at motstanderen kun er god på eit felt.

– Det er veldig farleg å bli litt for bestemt at han er kun god på det, ein veit aldri kva folk trenar på og ein kamp er unik. Ein kamp er aldri lik, sjølv om ein møtar kvarandre ti gongar er kvar kamp forskjelleg.

Likevel vil informasjonen ein hentar inn påverke eigen trening.

– Man innhenter informasjon, der ein trenar med ein viss spesifikk plan. Ein prøvar alltid å forbetre seg på alle nivå samt bygge opp eit forsvar mot det ein trur ein møtar.

Returnerar til gamle treningsformer

Inn mot Thoresens UFC debut, uttalte Simeon at han hadde starta å trene spesifikt med styrke; fått bli med på treningsøkter med landslaget i kickboksing og hatt bryteøktar med ein av Noregs beste brytarar. Før Simeons siste UFC kamp var boksing eit spesielt fokus. I desse dagar derimot går Thoresen vekk frå spesialiseringsfokuset.

– Eg går tilbake til det som eg gjor før i tida og trenar jamnt over på alt. Sidan eg er flink på det meste. Elles er det viktig å få på plass bra fysikk og forvente det meste når ein går kamp.

Thoresen håper på ein rask tilbakekomst til kamp i 2014.

_____________________________________________________________________________________________

MMA-Revyen hører du hver onsdag kl 21. Podcasten slippes rett etter sendingen og er fortsatt enklest å høre i iTunes.
Gi oss gjerne en iTunes Review. Facebook.com/MMARevyen

Siste podcaster

    Anbefalte artikler