Fuck Halloween!

This content has been archived. It may no longer be relevant

Eg hatar Halloween. Eg vil ha meg fråbedt amerikanske tilstandar og vil heller feire dei dødes dag med talgljos, neper og chanting of the forgotten hymns. Eg har leita fram eit utval filmar som ikkje berre per design er meint å setje støkken i deg, men som oppnår sitt mål. Drit i zombie nurses og vampire cowboys, sjenk deg eit glas raudvin og set på eit par av desse meisterverka i staden!

Insidious (2010)

Hovudingrediensane her er ein portal open til allslags svineri som befinn seg i mellomstadiet og ei familiesvakheit for astrale reiser du ikkje kjem attende fra. Skummel frå første scene og eg hyler fortsett som eit stukke gårdsdyr gjennom denne magiske filmen.

El orfanato (2007)

Janei, om ikkje ein barneheim er skummel nok, so finn vi gamle filmrullar og born i uniform og heimesydd striesekkmaske i Spanias skumlaste produkt. Den kvelden eg modig skulle sjå denne, såg eg halve filmen før eg slo av og venta innelåst på badet til kollektivfellane mine kom heim. Resten blei sett – i flombelyst rom med fire andre tilstades.

Villmark (2003)

Du treng ikkje vere i ei hytte når du ser denne for å ha stålangst og låse alle dører og vindauge, den norske tettstadens byggefelt gjer nytta. Eg er vetskremd av skogen frå før, og når vi legg til galne beværpna menn i dårleg drag blir det ikkje langt eg tør meg innover i krattet før eg ser syner og snur.

Rosemary’s baby (1968)

Eg kunne sagt Signs, for kven elskar ikkje angsten som kjem med Mel Gibson, aliens og kornsirklar? Men er vel å avslutte med klassikaren som er skummel og bra sjølv i dag. Polanski har med Rosemary skapt eit paranoiahelvete som bit deg godt og er ein klar favoritt innan grøssersjangeren.

Eg vonar desse gjev deg stemninga du søkjer. Tend deg nokre ljos, sjenk opp vin og nyt ein blodig biff framfor skjermen. Dersom du vil ha fleire gode filmar for kvelden har eg nokre her du kan snuse litt på.
Hugs å sette eit tent ljos i vindauget ditt, so kan dine kjente på den andre sida ta turen innom og lage autentisk stemning.
God natt!

Anbefalte artikler