Film: Fuck Valentine’s day

This content has been archived. It may no longer be relevant

Eg hatar Valentine’s day. Denne dagen øydelegg ein heil dag som kunne blitt brukt til noko konstruktivt men som går med i å irritere seg over alle som går rundt og kjærstar seg i full offentlegheit. Eg har difor laga denne lista over filmar for oss som ikkje liker denne dagens feiring av det heteroseksuelle luftslottet, og som heller vil sitte med treliteren framfor fjernsynet med noko herleg groteskt på skjermen.

The Exorcist, ein fantastisk film for denne dagen. Den stakkars jentas reaksjon på ertesuppe er særs lik min reaksjon på bamsar med hjarter og “I love you” beskjedar. Ein klassikar frå dei galne syttiåra som starta ein eigen sjanger innan skrekk og gru. Exorsisten feirar mor-dotter forholdet, gle dykk til borna blir tenåringar! Anbefalt følge er billig raudvin.

Whatever happened to Baby Jane, ein svart/kvit klassikar frå då film var film og viser syskjenkjærleiken slik den er. Crawford og Davis er verkeleg stjerner og speler denne filmen som ei harpe i himmelen. Nyt dramaet over ein gin og tonic og med eit kynisk smil over munnen.

The Shining, Stanley Kubricks meisterverk om Jack og høgfjellshotellet som skremer stadig nye generasjonar. Eit filmatisk vidunder som bør nytast med cola og moltelikør frå finnland. Feirar ekteskapet.

The Blair Witch Project, satte frykt og traumer i nittitalsungdommen, og har stort sett gjort det same med nye sjåarar sidan premieren. Kva er vel betre på denne dagen enn ungdomar som skal på skogstur med videokamera og utan mobiltelefonar? Eg håpar på orgie i skogen kver gong eg set han på, men må diverre skuffast til evig tid. Nyt vennskapets varme i selskap av black russians.

The Skeleton Key, herleg film om kjærleik på tvers av generasjonane og dugnadsand. Woodoo og katolisismen held hender og hoppar paradis, så da må vel denne filmen vere perfekt på valentinsdagen. Cuba libre er deilig følge til denne sørstatsperlen.

Eg vonar desse filmane vil gje deg meir enn diabetes, dårleg samvit og brekningar. Men dersom du vil håne alle single og spytte på alle ulukkelege par der ute og feire valentinsdagen, er der alltids ein film som eg kunne ha sett i dag. Forrest gump. Denne deilige filmen feriar kjærleiken sånn den skal feirast. Millom forelder og avkom, brødre, ektefolk, på tvers av generasjonane og millom vener. Om du ynskjer ei mjuk avslutning vel du Forrest, og let den klisjete purpurgalskapen der ute bli i sjokoladeyskjer og billige bamsar frå kinesiske barneslaveleirar.

Happy bloody valentines!

Anbefalte artikler