Vekas oppsummering – UFC Fight Night 26

This content has been archived. It may no longer be relevant

Vekas UFC-roundup

I denne artikkelen vil nokre skråblikk bli retta mot noko av det som skjedde i kortet der Chael Sonnen og Shogun Rua var hovudkampen.

Joe Lauzon har vel kanskje fått nok juling?

Joe Lauzon, mannen med flest bonusar i UFC (saman med Anderson Silva), har dei siste kampane utelukkande gått i krigen på eget anletes bekostning. Under UFC 155 møtte han nemleg fullstendig veggen mot ein Jim Miller i kanonform, der Miller lagde kjøttdeig av ansiktet til Lauzon. I helga, mot Michael Johnson vart resultatet noko av det samme. Ein ensidig kamp der Johnson fillerista Lauzon i tre runder. Når ein ser bilete av Lauzon i ettertid av desse kampane lurer ein nesten på om det er langsiktig og helsemessig forsvarleg å drive på slik han gjer. Publikum setter alltid stor pris på stilen hans, og han har sjølv sagt at det er den einaste måten han veit å slåss på. Lauzon er på veg opp på Chiss Leben-indeksen, som her i MMA-Revyen går fra Anderson Silva (1) til Chriss Leben (10). Indeksen måler kor mykje skade kvar fighter tek i kvar kamp, både sigrar og tap.

Bromance

Kva rørte seg eigentleg opp i hovudet på Uriah Hall og John Howard i helga? Dei såg ut som om dei var meir opptatt av å dele ut en haug med brofists, klemmar og high fives til kvarandre enn å gjere jobben sin. Antalet var så høgt at det sprengte alle rekordar. Uriah Hall var ikkje i stand til å gjere noko særleg offansivt der han stadig vart pressa av ein relativt imponerande Howard, som naturlegvis resulterte i tap for Hall. Det som i The Ultimate Fighter viste seg å vere ei spektakulær knockout-maskin har definitivt potensiale til å bli ein svært god UFC-fighter, men då må han få den rette innstillinga. For i tillegg til denne skuffande batalja mot Howard, var Hall på bærtur i TUF-finala mot Kevin Gastelum der han lenge trudde han var Anderson Silva gjenfødt (noko som heller ikkje lønte seg for Anderson Silva, der han på feilaktig matrix-stil ikkje klarte å unngå slaga frå Weidman… men det er ei anna historie). I kampen mot Howard var det som nemnt vennskap som var sjølve stikkordet. Det blir rett og slett litt for dumt. Hall er ung og har stort potensial, kanskje nokre kampar på underkortet er det som skal til for å få tilbake beistet frå realityshowet?

Alistair Overeem (tidlegare Übereem)

Mange trudde Overeem kom til å ende opp som vinnar i det han bombanderte Browne med ei massiv mengde slag. Utruleg nok overlevde Browne, reiste seg og knocka ut Overeem med eit spark både Anderson Silva og Machida har hatt stor suksess med. Dette, i tillegg til å tisse varmt under ein dopingtest, har satt ein stor stoppar for Overeems ambisjonar om å kjempe om ein eventuell tittel. Kva det neste blir for Overeem er ukjent, men at han ikkje tåler ein stor trøkk, til trass for Overeems imponerande fysikk, kan vel stadfestast. Men, ein ting er sikkert, i tungvekt blir omtrent alle knocka ut. Honnør går forresten til Browne som utan tvil leverte den mest amerikanske seierstalen i år.

The year of two thousand and Chael

Chael P. Sonnen (R) er endeleg tilbake! Korleis Sonnen klarer å kombinere tv-jobb for FOX, bli sponsa av Coca-Cola, litt for enkelt klare å tappe ut legendariske Shogun Rua, og like etterpå levere ein elementær Chael Sonnen-tale der han nok ein gong kallar ut Wanderlei Silva, er det vel kun Sonnen sjølv som kan svare på. Svaret ligg vel i at Chael Sonnen er Chael Sonnen. Det som til slutt fortjener vår oppmerksomheit er at Sonnen er tilbake i sigerradene, og ikkje mindre mot ein tidligere tittelholder i lett tungvekt i Shogun.

MMA-Revyen hører du hver onsdag kl 21. Podcasten slippes rett etter sendingen og er fortsatt enklest å høre i iTunes.
Gi oss gjerne en iTunes Review. Facebook.com/MMARevyen

Siste podcaster

    Anbefalte artikler