UFC mot Strikeforce

This content has been archived. It may no longer be relevant

Eller vil dei visa seg å være best “in a B-level gym”, som Frank Mir nyleg sa det?

Den Amerikanske MMA promosjonen Strikeforce, verdas nest største i ei årrekke, vart i mars 2011 kjøpt opp av UFC. Ei rekke profilerte Strikeforce utøvarar som Nick Diaz, Alistair Overeem og Cung Le gjekk etter kvart til UFC same år, og mange forventa at Strikeforces levetid ikkje ville vare lenge. Ikkje uventa vart Strikeforce lagt ned av UFC-eigarane Zuffa i 2012, og som konsekvens vart mange av dei resterande Strikeforce-utøverane, inkludert kvinnedivisjonen, innlemma i den store UFC-stallen.

I ettertid av oppkjøpet har me allereie sett fleire av desse tidlegare Strikeforce-fighterane i sving under UFC-banneret. Nyleg kjempa Robbie Lawler og Josh Kosheck mot kvarandre, der Lawler noko overraskande knocka ut Kosheck. Var dette eit teikn på at dei som kom frå Strikeforce haldt betre kvalitet enn forventa?

Høyr vekas podcast der me blant anna diskuterar Strikeforce vs UFC på Itunes, eller på streaming nederst i artikkelen

“B-level gym”

UFC veteran Frank Mir er ikkje overbevist. I helga skal han møte tidlegare Strikeforce tungvektar Daniel Cormier, og i den anledning kom Mir med følgande uttalelse om motstanderen i «Road To UFC on Fox 7»: “He’s 9-0 in Strikeforce, that is like being the best guy in a B-level gym. You feel you are a bad dude, doing a beating on everybody every day. But, when you jump up to the big boys, it’s a little bit different”.

Grand Prix i tungvekt

Eg er av ei litt anna oppfattning. Strikeforce hadde ei rekke verdsklassefighterar som Nick Diaz, Dan Henderson, Gilbert Melendez og Gegard Mousasi. For ikkje å nemne tungvektsdivisjonen som etter mi oppfatning var betre enn ekvivalenten i UFC i 2011. Strikeforces tungvektsdivisjon besto blant anna av Daniel Cormier, Alistair Overeem, Big Foot Silva, tidlegare nummer ein Fedor Emelianenko, Josh Barnett, Fabricio Werdum og kulthelten Sergei Kharitanov holdt fort. Alle desse deltok i Strikeforces tungvektsturnering der nettopp Daniel Cormier kom sigrande ut. Med andre ord, Cormier er neppe frå eit «b-level gym», noko eg meiner Frank Mir kjem til å skjønne når han går kamp Laurdag.

Minimal bredde i utøvarstallen

Jamt over var riktig nok utøvarstallen til Strikeforce ein del tynnare enn storebror UFC, noko det bar preg av. Sett vekk frå lettvekt- og kvinnedivisjonane, gjekk belta i dei andre divisjonane på rundgang omtrent kvar gong det var tittelkamp (Det skal påpeikast at weltervekt utøvaren Nick Diaz var ubeseira tre gongar før han meldte overgong til UFC i 2011). Samstundes gjekk det lenge mellom kvar event Strikeforce arrangerte, noko som sannsynlegvis irriterte utøverane i promosjonen. Andre utøvarar, som Cung Le og Alistair Overeem synest sikkert det var ei grei ordning ettersom Le kunne spele inn actionfilmar og Overeem kunne gå kamp i K-1.

Ikkje alle passar inn i UFC

Strikeforce var ein promosjon der blant anna utøvarar som ikkje passa inn i UFC, anten om det var grunna ueinigeheit om detaljar i kontraktane, personlege tvistar med Dana White eller utanom-sportslege hendingar, som då knockout-maskin Paul Daley slo etter Josh Kosheck etter at kampen var over, fekk spelerom. Det er heller ikkje lenge sidan Dana White meinte at UFC ikkje kom til å ha kvinnedivisjon, samstundes som at Strikeforce si satsing på kvinne-MMA, med oppbygging av blant anna Rhonda Rousey, brygga stor suksess. Eg er i alle fall sikker, Strikeforce utfylte eit tidlegare stort tomrom i MMA-sporten, og var ofte eit fint avbrekk frå UFC. Det positive med oppkjøpet er at me får potensielle kampar som tidlegare var umoglege. Ein handfull av desse potensielle kampane blir realisert allereie i helga, på UFC on Fox 7, då det blir nok ei oppvisning i legitimiteten av Strikeforce som MMA-promosjon.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler