This content has been archived. It may no longer be relevant

VEL, eg lyg litt når eg seier den ikkje fokuserar på sex. Sjølvsagt er sex ein del av plotet når filmen heiter Trick og ein av hovudkarakterane er ein go-go dansar i string. Men det er ikkje slik du trur! La meg fortelje deg kjapt kva vi i denne filmen skal oppleve.

I ei eitroms på Manhatten

Gabriel er ein musikalforfattar som deler ei ei tromsleiligheit i sentrale Manhattan saman med ein smellkåt musejeger. Gabriels einaste ven i verda ser ut til å vere skaplesba Katherine og ein herleg liten hund. Gabriel endar opp saman med Mark, ein go-go dansar, men ingen plass å ha seg. Og då har filmen kome godt i gang og vi er along for the ride that’s seemingly never gonna happen.

“Gay themed”

Eg har hatt eit lite problem med filmar som er såkalla “gay themed”, eller homotematisert. Dei har ein lei tendens til å vere tydeleg lågbudsjett, velge besetning som er blotta for talent og antakleg kom ferske frå eitelleranna pornostudio og manglar innleving så det er skummelt. Ofte får ein også syltynne plot, elendig manus og alt er berre så dårleg at ein skulle tru dei var laga ei helg nokre kameratar fann ut dei ville gjere ‘noko anna’.

Trick, derimot, er eit lenge etterlengta bevis på at sjangeren ikkje er fullstendig på trynet, og eg har tenkt å vie delar av sommaren til å utforske den vidare parallelt med gjennomgangen av klassiske Hollywood-kvinner som Rita Hayworth, Mae West og Joan Crawford.
Trick har eit interessant men enkelt plot, realistiske om enn noko stereotypiske karakterar og godt teknisk arbeid. Lys, lyd og filming er som i dei fleste andre filmar frå årtusenskiftet og eg er stornøgd.

9021NO

Besetninga har eg litt blanda meinigar om. Christian Campbell som speler Gabriel gjer ein truverdig og god jobb og kommuniserar rolla forståeleg og på ein måte som fungerer svært bra med resten, bortsett frå ein; Tori Spelling, kjend frå diverse reality og anna trash rundt ikring på fjernsynskanalane speler Katherine som er Gabriels bestevennine. Eg har aldri sett BevHills 90210 og har berre fått med meg nokre få episoder av serien om henne og veit ikkje mykje anna enn at ho er kjendis. Ho overspelar til tider so mykje at det irriterar, hadde ho berre blitt bremsa litt innimellom ville ho ha fått det til perfekt. Eg mistenker regissøren har vore forsiktig med kritikken, for han har trass alt landa seg eit C/B liste-namn som eg tenkjer har trukke filmen i alle fall litt lenger opp på besøkslistene.

Eit flott “trick”

Sett bort ifrå Spelling si overspeling og at Campbell ser ut til å bli litt negativt påverka av dette når dei deler skjermen (kan vere meininga, men kva veit eg) så heng Trick fab saman. Den har óg ei scene som no har nådd mange av mine vener gjennom youtube, og som var grunnlaget mitt for å i det heile å leite etter Trick.

Dersom du som eg har sett få og elendige homotema-filmar, sjå denne og få attende litt av håpet. Den er ikkje den beste av filmar, men er dugeleg feelgood for ein lat og traurig torsdagskveld. Eg skal gjennom sommaren kome med fleire tilrådingar eventuelt advarslar frå både homosjangeren og Hollywoods golden girls. Stay tuned!

Programmet av og for filmelskere klokken 11.00 til 12.00 hver  torsdag, på Studentradioen i Bergen

Anbefalte artikler