Spelelista veke 18

This content has been archived. It may no longer be relevant

1. Sigur Rós – Ísjaki

Medan vi ventar kan vi glede oss over denne smakebiten frå albumet Kveikur,  som kjem 17. juni.  Dette albumet ser ut til å bli meir energisk, bråkete og tilgjengeleg  for radiopublikum enn fjorårets Valtari.  Ordet episk blir stadig oftare misbrukt for tida, men våre forventingar til albumet er akkurat det: At det blir ekte episk.

PS: Dei spelar i Oslo Spektrum 28. november.

2. Håkan Hellström – Det Tog Så Lang Tid Att Bli Ung

Håkan Hellstrøm er tilbake med sitt sjuande studioalbum Det Kommer Aldrig Va Över För Mig. Vår favorittsvenske har framleis den gutteaktige sjarmen på plass, men på den musikalske fronten er han blitt litt meir vaksen og rolig. Når det er sagt så er tekstane på plata minst like vakre som alltid, så det blir langt frå kjedeleg.

3. Kindred Fever – Tabula Rasa

Duoen fra Haugesund leverer hardtslåande og frisk punkrock som er umogeleg å ikkje elske. Debutplata til Kindred fever, Tabula Rasa,  passar perfekt for alle som er fan av grupper som White Stripes,  Japandroids og The Walkman.  BONUS: Du kan laste låta ned gratis på Urørt.

4. The Preatures – Is This How You Feel?

Det Sydney-baserte bandet The Preatures blandar gotisk soul og rock i musikken sin. Resultatet blir låter som er både fengande og dansbare, perfekt til sommaren med andre ord.

5. Ine Hoem – All Are Sailing

Den tidlegare Pelbo-vokalisten har lagt jazzen på hylla ei stund og spaserer no langs den skumle pop-stien. Hoem klarer seg særs godt på eiga hand med gode melodiar og solid produksjon, noko som skaper ekte stemnings-pop.  Denne singelen er andre smakebit frå ein EP som forhåpentlegvis dukkar opp denne hausten.

6. MGMT – Alien Days

MGMT er ikkje interessert i å lage nye landeplager (som Kids feks)noko denne første singelen frå det komande albumet er med på å stadfeste. Sjølv om megahit-materialet er luka vekk, er der framleis mykje å elske. Det tar berre litt meir tid å finne det enn før.

7. Emilie Nicolas – Grown Up

Det er kanskje ikkje så mange som har høyrt namnet Emilie Nicolas endå, men slik vil det ikkje alltid vere.  Låtene hennar er av klasse-kvalitet, og tekstane og vokalen hennar er skjør, sterk, mørk og rå på same tid. Gå inn på Soundcloud og søk ho opp. NO!

https://soundcloud.com/whiteroom-production/emilie-nicolas-grown-up

8.  Tuxedo – Get U Home

Denne låta kan vi beskrive med eitt ord: SEXY.  Vi er ikkje heilt sikre på kven som står bak dette prosjektet, men ryktene på det store internettet seier at det er Mayer Hawthorne og Jake One som er ansvarlege for denne affæra.  Det som er ekstra fint er at du kan laste ned heile EPen gratis på Soundcloud.

Hold deg oppdatert på musikkfronten hør på Trigger Bergen hver mandag fra 12.00-13.00.
PS: Vil du påvirke spillelisten til Studentradioen i Bergen? Send inn forslag til spilleliste@srib.no

Anbefalte artikler