– Bjørnen sover

This content has been archived. It may no longer be relevant

Førre veke blei Sveis utfordra av Jostein til å gå rundt i Bergen sentrum ein sein kveld og spørje om folk ville synge ein god natt- song til han. Kor vanskeleg kan det eigentleg vere å få fulle og trøtte bergensarar til å synge for seg? Nokså vanskeleg skulle det vise seg.

Gullstrupe frå Nordfjord og trekkspeltryne frå Romania

Det var ikkje mange som var villige til å opne kjeften for denne undercover reporteren frå Grenseland, og dei som gjorde det, gjorde det stort sett berre for å seie at dei ikkje kunne nokre god natt-songar, eller for å be reporteren dra til Helvete. Likevel gav ikkje Sveis opp, og betalte heile 40 riksdalar til ein mann med trekkspel, mest truleg rumensk, for å få han til å spele/synge, dessverre skulle det vise seg å vere like lett og sove gjennom som eit jordskjelv.

Heldigvis dukka det også opp ein gullstrupe frå Nordfjord, som til og med hadde med eit følgje på tre personar (les: koristar). Han stemde i både «Ola Tveiten» og «Bjørnen sover» med ei så vakker røyst som berre Tom Jones gjer han etter, «utterly magical»!

Høyr innslaget i sin heilskap her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2013/03/Oppdrag-god-natt-song.mp3]

Den verste utfordringa nokonsinne

IMG_0228
Ikkje ein gong på nachspiel ville folk synge, slikt blir det dårleg humør av.

Kva er “Vekas utfordring”? På tross av det sjølvforklarande namnet, kan det vere kjekt å få det forklart ein gong for alle. I ” Vekas utfordring” blir ein av Grenselands innbyggjarar, kvar veke, utfordra til å gjere noko som har med vekas tema å gjere. Etter å ha spelt av resultatet for resten av innbyggjarane, skal så deltakaren si gjennomføring bli vurdert på ein skala frå 1 til 10. Alle poenga tellast opp, og mot slutten av semesteret må innbyggjaren med færrast poeng gjere den verste utfordringa som nokonsinne har blitt gjort.

Få med deg resten av Grenselands utfordringer:

– Are you gonna wear that?

Silje VS. Hundene

Vil du vite kor mange poeng Sveis fekk? Sjekk ut podcasten:

Siste podcaster

     

     

    Anbefalte artikler