UFC London

This content has been archived. It may no longer be relevant

Ved første augekast har kanskje ikkje kampprogrammet på laurdagens UFC on FUEL TV 7 dei største profilane. Men om ein studerer litt kven som faktisk skal i elden mot kvarandre, verkar det som at UFCs matchmaker Joe Silva verkeleg har satt opp spennande kampar som samtidig vil by på underhaldning og engasjement. Nemnte eg at den midlertidige tittelen i bantamvekt står på spel? Vi i MMA-revyen har analysert ei utval kampar.

Renan Barao vs Michael McDonald

Barao

Etter å ha tapt sin første MMA-kamp har det brasilianske vedunderbarnet Renan Barao vunne heile 31 kampar på rad. Med fantastisk Muay Thai har Barao dominert motstandarane sine på imponerandes vis. Mange ser likheitstrekk mellom Barao og fjærvekts-kingpin Jose Aldo, og det er ikkje utan grunn. Barao trenar nemleg med Aldo, og har på linje med han eit arsenal av dei flest tenkelege spark og i tillegg ikkje noko i mot å servere motstandaren med flygande kne. Men, i motsetning til Aldo, har ikkje Barao noko i mot å gå ned på bakken. Her har han nemleg vunne fleire kampar via submission. Baraos siste tre kampar har vore mot slagkraftige Brad Pickett, ringrev Scott Jorgensen og Californias Urijah Faber. Alle desse vann han på dominant vis.

McDonald

Det store talentet Michael McDonald er berre 22 år og med seier på laurdag blir han UFCs yngste mester. I likheit med Barao er McDonald svært god ståande med lang bakgrunn i kickboksing. Det McDonald har som ikkje mange andre har i bantamvekt er krafta til å regelmessig knocke mostanderane ut med ein veldefinert kontrestil. McDonald mestrar også det å kombinere inn saftige uppercuts i lag med jabs, hooks og strake høgre når han går på angrep. McDonald kan også skilte med gode seierar der han i sine to siste kampar har knocka ut både Miguel Torres og Alex Soto.

Utfall

Det er vanskeleg å spå utfallet av denne kampen. Baraos fordel er teknikken mens McDonald har kraft. Eg trur ikkje vi vil sjå særleg bakkekamp. Det freistar å sei uavgjort, men Barao vinn ein knepen seier via decision, der nøkkelen blir å halde kampen på avstand og unngå å veksle slag med den kraftfulle McDonald.

Cub Swanson vs Dustin Poirier

Swanson

Cub Swanson er ein vill, presis og slagkraftig type. Swanson vann tre på rad i 2012, der alle kom via KO/TKOs. Han leverar spark og slag ut frå det blå, der han til og med kreativt sleng inn på med spark frå capoeira. Han skyr ikkje unna såkalte haymakers når han er på krigsstien, men i motsetning til andre treffer han, med KO som følgje. Han har også eit godt bakkegame med fleire sigerar via guillotine.

Poirier

Poirer har eit ekte MMA-hjarte (that’s a first) og er villig til å stå og veksle slag. Poirer har vunne 5 av sine 6 kampar i UFC, der hans einaste tap er mot den «koreanske zombie» Chan Sung Jung, i ein kamp som blei årets kamp i 2012. Den store styrka til Poirer er bakkekampen der han har vunne med submission i tre av kampane i UFC. For den spesielt observante likar Poirer godt å bruke d’arce choke når han går for submission.

Utfall

Poirers kampplan er utan tvil å få kampen ned på bakken. Men Poirer er ikkje ein utprega nedtakningsspesialist, og eg trur Cub Swansons har det som skal til for å halde kampen ståande. Og ståande er det Swansom som trekk det lengste strået. I likheit med main event er dette ein jamn kamp, men eg trur Swanson vinn med KO. Denne kampen har stort “Fight of the Night”-potensiale.

Gunnar Nelson vs Jorge Santiago

Nelson

Islands svar på Lyoto Machida, Gunnar Nelson, viste kva han var god for då han suverent leika seg mot tidlegare “The Ultimate Fighter”-deltakar DaMarques Johnson. Nelson har karatestil lik Lyoto der han hoppande og avslappande gjer mykje skade med minimal risiko. Mot Johnson fekk ‘Gunni’ vist seg både ståande og til slutt på bakken der han avslutta med ein rear naked choke. Noko som ikkje er rart, Nelson har nemleg svart belte i BJJ under legendariske Renzo Gracie.

Santiago

Jorge Santiago er ein utøvar som har vore i kamp mot mange store namn i MMA-verda. Etter to strake tap i UFC, mot henholdvsis Brian Stann og Damien Maia, vart Santiago kutta og signerte ein avtale med MMA-organisasjonen Titan FC. I Titan klarte ‘The Sandman’ å vinne to på rad. Dette førte til at han igjen vart tatt inn i UFC. Santiago er svært atletisk, og har sitt eige svarte belte i BJJ.

Utfall

Jorge Santiago er definitivt mykje meir erfaren enn nykommar Nelson. Han har gått kamp mot folk som Maia, Stann, Leben og Diego Sanchez, fire store namn i UFC. Santiago klarte til og med kunsten å ikkje bli submitta av BJJ-spesialt Maia etter tre runder på bakken, noko som er bemerkelsesverdig. Uansett, så trur og håper eg at Nelson har det som skal til ståande for å slå ut nettopp Santiago.

 

Hør hele analysen i ukens podcast:

Siste podcaster

    Anbefalte artikler