Prediksjonar: UFC 154

This content has been archived. It may no longer be relevant

Natt til søndag norsk tid smell det og UFC 154 står for fyrverkeriet. MMA superstar og UFC posterboy Georges St-Pierre returnerar til oktagonet i sitt heimland Canada mot midlertidig tittelhaldar i weltervekt Carlos “The Natural Born Killer” Condit. Vidare på kortet skal Martin Kampmann, vår felles skandinav, i elden mot hardtslåande Johny Hendricks der eit mogleg framtidig tittelshot mot vinnaren av GSP og Condit står på spel. Eit anna oppgjer som er verdt å nemne er kampen mellom morromann Tom Lawlor og franskmannen Francis Carmont som har 8 vinn på rad, 3 av desse i ufc.

GSP vs Carlos Condit

Det er eit etterlengta gjensyn med GSP, etter at han har vore vekke heilt sidan april 2011, og med god grunn. GSP klarte nemleg det mange utøverar fryktar mest, å ryke korsbåndet, noko som er karrieretrugande for dei fleste. Etter eit år med krevjande rehabilitering og knallhardt fokus er “Rush” tilbake og klar for strid. GSP har over lang tid vist at han er sjefen med 9 UFC-sigerar på rad. Ståande har han friske karatespark samt ein svært effektiv jab som illustrert i kampen mot Koscheck. Men det er brytinga som GSP er mest kjent for. Der han utvilsamt har fantastisk evne til å ta folk ned på bakken og starte eit kontrollert skyts av “ground and pound”.

Condit har i mellomtida knocka ut Dong Youn Kim, som i UFC Macao kontrollerte ein hjelpeslaus Paulo Thiago i tre runder, samt vunne ein knepen og kontroversiell siger mot Nick Diaz. I kampen mot Diaz viste Condit at han er i stand til å fighte smart og følgje kampplanar til punkt og prikke, med sine gode bevegelsar og raske kombinasjonar. Condit kan kallast ein komplett MMA-utøver. Condit har nemleg like mange sigerar frå submissions som knockouts, og viser dermed at samme kvar kampen går har Condit arsenalet til å avslutte kampen.

Kampens utfall avheng i kva grad GSP er sitt gamle seg, etter eit så langt skadeavbrekk. Condit har fordelen ståande, med større slagkraft og kreativitet enn kva GSP har vist dei siste åra. For å minimalisere risikoen kjem GSP garantert til å ta Condit ned på bakken og kontrollere han til ein decision-siger.

[poll id=”12″]

Johny Hendricks vs Martin Kampmann

Vår danske venn Martin Kampmann har imponert i det siste med å knocke ut Jake Ellenberger, submitte ein heller utslitt Thiago Alves og vunne ein dommeravgjersle mot Rick Story. Kampmann har uvikla seg til å bli ein av dei meir alsidige i UFCs weltervektdivisjon. Med meget teknisk kickboksing, ekstremt god kondisjon, god nedtakingsforsvar og eit variert utvalg submissions er han farleg samma kvar kampen går.

Hendricks derimot er ein eksepsjonell brytar, som faktisk har trent Kampmann til å bli ein betre brytar tidlegare. I tillegg til dette er han eit powerhouse utan like, der han knocka ut seige John Fitch etter berre 12 sekund, ein utøvar som aldri før har vorte stoppa. Hendricks har utvilsamt den sterkaste venstrekroken i divisjonen, noko Kampmann må passe seg for.

Svakheita til Kampmann er kanskje den at han gjennomsnittleg god i alt, og ikkje eksepsjonelt god i noko. Ståande kan det gå begge vegar, der Hendricks på den eine sida har krafta til å knocke ut Kampmann, ala Paul Daley i UFC103, medan Kampmann på den andre sida er mykje meir rafinert og teknisk. Forvent difor at Hendricks tek kampen ned på bakken og brukar sin fordel i brytinga til å sikre sigeren. Decisionsiger til Hendricks.

[poll id=”13″]

Francis Carmont vs Tom Lawlor

Fysisk sterke og submissiontrollmann Francis Carmot har vunne 8 kampar på rad der 5 av desse har komt via submission. Med tre strake UFC sigerar er han i vinden og full av sjølvtillitt. Sjølv om han har en majoritet av sigerar som har komt via submission har han også vist at han kan knocke ut folk. Carmont likar seg best i bakkekamp og sannsynlegvis er det dit han vil ta Lawlor med seg. Lawlor, som har meget fargefulle walk-ins og innvegningar, er ein solid brytar med kraftige nevar som han viste nyleg mot Jason Macdonald som vart knocka ut etter berre 50 sekund. Likt som GSP vil Carmont sette opp sine nedtakningar med spark og slag og til slutt submitte Lawlor.

[poll id=”14″]

Constantinos Philippou vs Nick Ring

Dette er eit oppgjer mellom to tøffe karar som tåler ein trøkk. Phillipou har 4 sigerar på rad i UFC, medan Nick Ring har 3 sigerar ut av 4 totalt. I kven som har det lettaste navnet å stave er det definitivt Nick Ring som vinn. Men her er det dessverre ikkje namnet som er utslagsgivande, men andre faktorar. Sjølv om Nick Ring er meir allsidig ståande har Philippou bakgrunn som proff-bokser som har vist seg å vere effektivt. Philippou med ein teknisk-knockout i tredje runde.

[poll id=”15″]

Mark Hominick vs Pablo Garza

Dette oppgjeret i fjærvektdivisjonen kan vere utslagsgivande karrieremessig for den tapande parten ettersom Hominick har 3 tap på rad medan Garza har to. Mark Hominick kan definitivt seiast å vere ein av veteranane i UFC, med sin debut i UFC 58 i 2006, mens Pablo Garza fekk sin debut i UFC i 2010. Hominick sin fordel mot Garza, utanom erfaringa, er at “the Machine” er nokre solide hakk betre ståande med svært teknisk kickboksing, der han hevda seg i fem runder mot sjølvaste fjærvektskingpin Jose Aldo. Garza si styrke over Hominick derimot er på bakken, men spørsmålsteiknet er om han har ferdigheitane til å faktisk ta veteranen Hominick ned. Hominick via dommaravgjersle etter tre runder med ståande einveiskøyring.

[poll id=”16″]

 

 

MMA-Revyen hører du hver onsdag mellom 21:00 og 22:00 på Studentradioen i Bergen, eller når du vil på podcast.

Anbefalte artikler