James Bond – Skyfall

This content has been archived. It may no longer be relevant

Eg har alltid likt Bond-filmar. Lett underhalding med eit forutsigbart, medium spanande plot og heller dyktig besetning. Av alle britane som har hatt rolla, har min favoritt variert litt alt etter kva ein Bond skal definerast som. Connery var den første, og med si småfrekke haldning og hårete sjarm har han smelta kvinnehjarter i fleire tiår. Moore er enno ein favoritt, med sin klassisk engelske gentlemanutsråling og eleverte stil. Dei to har definitivt trona toppen av favorittlista. Men no, mine herrar, kan de pensjonere dykk. Daniel Craig skal krunast.

Skyfall byrjar som alle Bond-filmar rett på med biljakt og handling av typisk spionfilm-art. Bond er på jakt etter einkvan som tydelegvis har fått med seg noko verdifullt. Med M på øyret tek jakta til på ein harddisk med namn og dekknamn åt fleire av NATOs spionar rundt om i verda. Denne disken er kva handlinga spinn ikring. Latar det til. MI6 er dermed i frontlina mot ein ukjend fiende som prøver å nå ukjend mål i England. Dette er tydeleg terrorens og det digitales tidsalder, der ein ikkje veit kven ein kan stole på, noko M har påpeikt i fleire filmar allereie. Og som om angrep på sjølve MI6 ikkje var nok, forsøkjer den engelske regjeringa å presse M til å gje seg som leiar, for å fornye organisasjonen og kvitte seg med denne gamle dama og hennar bakstreverke metodar.

Dei siste filmane har fått kritikk for å ha spunne bort frå den gode gamle Bond-oppskrifta som har blitt fulgt i årevis, vel, denne filmen tek ansvar og serverer ei særs god avrunding av dette spinneriet, og får franchisen tilbake på rett kurs. Også, er Daniel Craig betre enn nokon gong, han har verkeleg vekse i rolla som James Bond, og er dynamisk og spanande. Eg diggar han, min favoritt, han har alt som båe Sean og Roger hadde, men med ein moderne vri. Dessutan er endeleg Q på plass att, etter nokre filmars fråver, og eit rett eventyrleg val har dei gjort og.

Denne filmen har i større grad enn tidlegare handla om M. Dei siste åra har Dame Judi Dench sin M blitt ein eigen brikke i plotet, meir enn berre ein oppdragsgjevar. I denne filmen er ho minst like sentral som Bond, noko eg som Dench-superfan elskar. Det gjer ingenting at M er slik ein del av det heile, det gjev ei ekstra djubde. Og eg kan avsløre, at Dench gjer sitt livs opptreden i Skyfall, heilt og haldent verdig ein Oscar.

Ein film må ha fleire dimensjonar, fleire lag. Den må vere som ein lauk, som skrellast inn mot eit særs spanande klimatisk sentrum. Denne filmen er som ein multiorgasme, med fleire klimaks som kjem som perler på ei snor. Utførelsen er utmerka, og alt stemmer. Til og med skurken, når ein endelg finn ut kva for ein av kandidatane det er, er den beste i historia. Eg har endelg fått mitt ynskje oppfylt og fått ein skurk som er så gjennomført og realistisk, at det skremer meg. Rett og slett på nivå med Heath Ledgers Jokeren i førre Batman-film.

Eg frydar meg over å kunne engasjere andre til å sjå den. Skyfall er spanande, underhaldande og definitivt årets beste film. Eg sat over to timar og gret, held pusten og kjende pulsen rase. Eg har ikkje hatt betre kinooppleving sidan Weekend under BIFF i fjor. Dette er ein film eg gladeleg ofrar ein middag for å sjå om att, noko eg skal på tysdag, etter eit minimaraton med Bond-filmar som oppvarming til dette meisterverket.

Kinosyndromet anbefalar deg å ta ein tur på kino. Du vil ikkje angre! Seks av seks!

Anbefalte artikler