Den vakraste taparen

This content has been archived. It may no longer be relevant

Det er noko med John Olav Nilsen. Etter tre album og suksess som musikar i Norge står han framleis med eitt bein i rennesteinen. Men, både han og gjengen har forandra seg.

Høyr intervjuet med John Olav Nilsen her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2012/10/john-olav-nilsen-ingvild.mp3]

Dette er ikkje ei halvstemt kjellarband frå Loddefjord lenger.

– Det at folk har klart å sjå den er eg veldig, veldig glad for. Før kunne vi jo ikkje spele. Hehe. Det er noko vi har arbeidd med. Denne gongen har vi klart å formidle meir stemningar enn berre kjensler og energi, seier John Olav.

Basisoppskrifta har ikkje forandra seg så mykje. Du veit med ein gong at det er John Olav Nilsen & Gjengen du høyrer på. John Olav har skapt eit slags eige tekstunivers i løpet av desse tre albuma. Det handlar om tårer, regn, trappeoppgangar, kjærleik og livet. Også på “Den eneste veien ut” er han trufast mot dette universet.

Gamle fans vil elske det, og nye vil bli trekt med inn i universet.

– Det er på ein måte sånn eg utrykker meg, i og med at eg framleis tar utgangspunkt i mitt eige liv. Eg bur jo framleis i denne vesle byen, så då blir det ein del regn og tårer.

 

Anbefalte artikler