This content has been archived. It may no longer be relevant
Kvar onsdag får Grenseland sine lyttarar servert ei forrykande topp fem liste over frekvensen. Denne veka var tema for sending misbruk, altså ulovleg eller uriktig bruk av noko eller nokon, til dømes som seksuellmisbruk og rusmisbruk. I og med at misbruk er eit så omfattande og brett tema og sendetida grensa, valte Grenseland å snevre temaet inn og heller fokusere på den såkalla sosiale misbruken i si topp fem kåring denne veka.
Etter mykje diskusjon mellom medarbeidarane i Grenseland om denne topp fem lista, blei den tilslutt sjåande ut slik;
5. Å bli tatt i fjeset. Nei, det er ikkje snakk om noko grovt, men rett og slett at personar som du ikkje kjenner så godt dristar seg til å rekke ut handa si og plasserer den i ditt andletet i den hensikt av å fjerne rusk eller augekrokan. Alle i studio var einige om at fomling av hand i fjes er ein form for sosial misbruk, og personer som har dette som vane må straffast hardt.
4. Tråkka på hælen. Dette punktet på lista skapte ueinighet i studio; Tonje og Karianne meinte at vedkommande som trakkar deg på hælen så klart ikkje gjer det med vilje, medan Erling meinte at vedkommande gjorde dette på pur faen. Men alle i studio var einige om at det var sosial misbruk.
3. Når ein person fortel den same historia om igjen. Du står og pratar med ein person på fest. Personen begynner plutselig å fortelje ein historie som du har høyrt før. Skal du avbryte vedkommande eller skal du la han/ho kjøra på?
2. Pusting i nakken medan ein står i kø. Sjå for deg scenarioet; du står i kø i kantina og skal kjøpa deg middag. Energinivået er skummelt lavt, du er gretten og køen beveger seg ikkje. På toppen av det heile står vedkommande bak deg i køen og pustar deg i nakken med ein tung og varm pust som kan minne om ein krysning mellom kols og kåtskap. Det er sosialt misbruk det!
1. Når intimgrensa blir brote. Det er slik at ein i dag lever i ei verd der nokon er født med ei intimgrensa på opptil ein meter, medan andre kanskje er født utan noko som helst form for intimgrense. Og når desse to typane menneskjer møtes, blir som oftast dei personane med medfødt intimgrense sosialt misbrukt av personane som uheldigvis er født utan intimgrense.
I tillegg til Grenseland si topp fem liste over sosial misbruk, kan du også høyre korleis Grenselandpanelet taklar å bli verbalt misbruka, samt vera den som misbruker andre verbalt. Last ned podcast og la deg forføre og underhalde av diskusjonane og tankane som kjem fram i studio undervegs i sendinga.
Sjekk ut Grenseland si eiga side og høyr podcaster her.