Ukens Låt: Living – Path
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/322077417″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]
Semesterets første “ukens låt”, går til Bergensbandet Living, som i løpet av de siste åra har gitt ut ein rekke fengande singler, men ingen på nivået med “Path”. Det minnar litt om stilen til The Avalanches, med ein frisk indie-sjarm. Låta er ein perfekt avslutning på somaren, og får deg nesten til å gløymt at vi omtrent ikkje fikk følt sola.
Mats Wawa – Days Like This
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/323770307″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]
Mats Mentzen Wang er etterkvart blitt ei kjent stemme her i studentradioen. Han er frontfigur og låtskrivar for musikk-kollektivet “Mats Wawa” og vi har lista han fleire gonger. Musikken tar deg tilbake til det bekymringslause 70-tallet med moderne instrument og komposisjonar. Dei slapp EP-en “Classics EP” i fjor som og er verd å sjekke ut, om du likar dette.
Electric Eye – Turn Around, Face the Sun
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=IublpCIxJmg&w=560&h=315]
Om du vil bli teke enda lengre tilbake i tidsepoken til da band som Pink Floyd, Love og The Beatles regjerte, er Electric Eye frå Bergen heilt perfekt. Musikken er kraftigt inspirert av psykedelisk rock, men de har også ein veldig unik og særegen stil. Dette er ikkje noko cover-band. “Turn Around, Face the Sun” er bandets første singel ute i år, og det kjem nok eit album ganske snart. Det vil du ikkje gå glipp av. De er også fantastiske live, bare for å gjere det enda betre.
West Bank Robbers – Felles Proviant
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/337790678″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]
Det er visse ord og bodskap som ikkje passer på ein hard beat eller ein slapp r&b rytme. Av og til er det bare punken som kan få sagt det uten å høyres teit ut. West Bank Robbers fra Oslo er nettopp det, eit ska-punk band som kan seie det folk flest er lei av å høyre, til ein melodi som limer seg fast i hjernen.
Wonder The Boy – WHAT I’M SAYIN’ (feat. Jimi Somewhere)
[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/337680709″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]
Bare 16 år? BARE 16 ÅR?? Ja, men det blir feil å ta alder inn i vurdering når du høyrer på musikk. Det er såklart imponerande at ein rapper fra Trondheim på 16 år har klart å samle så mykje oppmerksomhet allereie, men det viktigaste synest eg, er at musikken han lager er bra. Wonder the Boy har levert ein solid låt i lag med Jimi Somewhere og produsent Milo Orchis, og eg ser fram til kva for retning han går vidare med musikken sin.
Anna of the North – Money
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=oPA3wSVnELQ&w=560&h=315]
Det er endelig Anna Lotterud også kalt Anna of the North fra Gjøvik sin tur å skinne. Ho har siden debuten i 2014 blit remixet av The Chainsmokers, touret med Kygo og jobba i lag med Tyler the Creator. Med eit album rett rundt hjørnet kan endelig Anna få den oppmerksomheten ho fortjener. Musikken er pop, strippa ned til de aller enkleste. Det er simpelt, stilfullt og fungerer bare så utruleg bra.
Glass Club – Trojan Mind
[youtube https://www.youtube.com/watch?v=1vuNBFlw0tc&w=560&h=315]
Ukas lista avsluttes av Oslo-bandet Glass Club (med tre bergensere). De er heilt nye, og er enda i start-fasen der de prøver å finne sin identitet. Det som skiller seg mest ut for meg er den rufsete vokalen, og den catchy melodien som lager ein herlig kontrast. Sjekk ut Glass Club om du vil være blant de første som oppdager noko kult.