This content has been archived. It may no longer be relevant
Det er nokså bastant å påstå at nordfjordingar er den folkegruppa som har aller mest imot den, blant vaksne (les: intelligente) folk, nokså forhatte ”høgtida” Halloween. Det er allment kjent at alle med høgare IQ enn kvadratrota av tverrtalet av eigen skostorleik (dvs: alle som ikkje har vore med på eller sett på Paradise Hotell, er rånarar, DJar eller frå Oslo), hatar Halloween meir enn noko anna i heile universet, for å bruke ein forsiktig uttrykksmåte. Ingen likar at små drittungar som trur dei har ikledt seg skumle kostymer ringjer på og trugar med herverk om dei ikkje får godteri. Dette er ran eller i beste fall utpressing. Det interessante er altså at no viser det seg at dei rundt 30.000 innbyggjarane i Nordfjord har funne eit anna moment med denne heidenske feiringa som er enda meir irriterande.
Verdas største bær er for nordmenn flest kjent som gresskar, eller for dei mellom 10 og 15 prosentane av befolkninga som sverjar til Ivar Aasens skriftspråk; graskar. Dette bæret dukkar meir og meir opp i butikkar, og generelt overalt i Noreg kvart år når kalenderen viser oktober. Ikkje smakar det nemneverdig godt, men det nordfjordingane er galne på er ikkje måten dette bæret treffet tunga på, men måten det forlét ho på. Skriftleg går det heilt greitt å omtale det, ein skriv graskar for ikkje å få raude strekar under. Men kva skal ein kalle det munnleg, eller oralt som er eit ord Grenseland jamt over synest å føretrekke framfor ordet munnleg.
Det går ikkje å kalle det graskar. Det blir altfor tungt og tar i tillegg altfor lang tid å sei. No er riktig nok nordfjordingar blant dei i landet som snakkar mest langsamt i daglegtale, men det er viktig å hugse på at nordfjordingar kjem frå Sogn og Fjordane, ikkje Finland, og kan som alle andre nordmenn derfor oppleve ein slags kvelingssensasjon på grunn av oksygenmangel av å bruke så lang tid på å uttale eitt enkelt ord.
Heilt uaktuelt er det iallfall å seie gresskar. Det er svært viktig for nordfjordingar at folk skjønar at dei kjem frå Sogn og Fjordane, og det ville gått på æra laus om dei skulle bli nøydde til å ta i bruk slike femi ord som eigentleg høyrer heime i oslofjordregionen. Dersom ein geitebonde frå fjellstrøka i midtre Nordfjord skulle kome til skade og seie noko slikt som at han må skunde seg for å ”kjøpe inn gresskar til halloween”, ville det neppe overraska mange om han dagen etter vart funnen naken med eit stort graskar der hovudet hans ein gong var, med ”Knud Knudsen sympatisør” skrive med hans eige blod over heile overkroppen.
Kva er så alternativet? Skal nordfjordingane verte nøydde til å ty til det engelske ordet i orale dialogar om dette bæret? I motsetnad til austlendingar høyrest nemlig ikkje nordfjordingane ut som dei er psykisk utviklingshemma, har munnen full i mat og sliter alvorleg med stamming når dei snakkar engelsk. Snarare tvert om er dei blant dei aller beste i verda på engelsk som ikkje har språket som morsmål. Nettopp derfor ville mest truleg austlendingane blitt så sjalu på nordfjordingane når dei fekk høyre kor mykje betre enn dei sjølve desse høge, sterke og vakre bygdemenneska var i engelsk. Sjenerøse og omgjengelege som nordfjordingane er, må dei såleis avstå frå å seie pumpkin også.
Totalforbod eller namneendring? Den nye regjeringa har fått med seg dette problemet, og sidan det framstår som svært lite viktig for mesteparten av den norske befolkninga har saka fått topprioritet, og det er lova ei løysing på problemet allereie i løpet av 2013. Eitt av alternativa som er oppe til vurdering, er totalforbod av import av graskar, og alle varer som har graskar som ingrediens eller i namnet. Det andre alternativet er ei namneendring av bæret, både på nynorsk og bokmål, og det er utnemnd ein komité med Sylfest Lomheim i spissen som skal utgreie alternativet, og kome på forslag til nye namn. Så langt er dei heitaste forslaga oransje tjukkskaling/tykkskalling (nynorsk/bokmål) og ekkelt drittbær.