Spillelisten uke 44

This content has been archived. It may no longer be relevant

1. Vekas låt: Arcade Fire – Afterlife

Kanadiske Arcade Fire er tilbake på spelelista, og går nok ein gong rett inn på førsteplass. I veke 38 toppa dei spelelista vår med låta Reflektor. Denne gongen er det Afterlife som sender dei til topps, og begge desse blir å finne på det nye albumet so kjem ut i dag (måndag). Alexander har denne veka skrive ein omtale av heile albumet, og det kan du lese her.

 

2. Vekas Album: Moonpedro & The Sinking Ship – Homegrown

Norsk-Chilenske Pedro Carmona-Alvarez er ein mann med fleire talent. Bortsett frå å vere vokalist og tekstforfattar i bandet Sister Sonny, er han også ein dyktig forfattar. Denne veka er det hans soloalbum Homegrown under artistnamnet Moonpedro som er vekas album. Sett deg ned og nyt dette sjarmerande albumet.

 

3. White Denim – Let It Feel Good (My Eagles)

På Tysdag gir indie-rockarane i White Denim ut si femte plate: Corsicana Lemonade. Bandet fornyar seg stadig, og ein forsmak på plata får du her med den feiande flotte låta Let It Feel Good (My Eagles). Dette er musikk det er vanskeleg å ikkje bli i godt humør av!

 

4. Brighton – Run Away

I 2011 var Brighton ein av fem finalistar til det årets urørtfinale med låta St. James Society. Diverre for Brighton var det Honningbarna som stakk av med sigeren den gongen. Bandet har utvikla seg vidare sidan den gong, og er her tilbake med singelen Run Away. Med tanke på tittelen på låta spøkte vi med at dette måtte vere vekas joggelåt.  Med låta si energiske driv er dette likevel eit fint bruksområde, sjølv om den også like godt kan nytast frå sofakroken.

http://soundcloud.com/diamond-club/brighton-run-away-dc-24

 

5. Rue Royale – Pull Me Like A String

Musikarane Ruth og Brookln Dekker gifta seg i 2006, men hadde på dette tidspunktet ingen planar om å lage musikk saman. Så ein kveld i 2009 blei Brookln sitt dåverande band Trevorside oppløyst, og same kvelden skreiv Ruth og Brookln si første låt som Rue Royale – Even In The Darkness. Denne blei umiddelbart ein favoritt hjå vener og familie. Siden har dei fortsett med å lage musikk saman, og gav i September ut sitt tredje album; Remedies Ahead. Vi presenterer her albumet si fjerde låt.

 

6. Cass McCombs – Morning Star

Amerikanske Cass McCombs lagar ikkje musikk for massane, men først og fremst for seg sjølv og sine næraste. Likevel har den innettervende låtskrivaren blitt samanlikna med meir kjende namn som Elliott Smith, John Lennon og Leonard Cohen.  Cass hevdar sjølv at ein øydeleggjar låtane hans ved å forklare dei, ettersom alle individuelt  bør tileigne musikk sine eigne meiningar og kjensler utan innverknad frå andre. Vi seier difor ikkje noko meir enn: nyt det!

 

7. Fjernsupport – Hello Mike Tyson

Fjernsupport består av tidlegare Datarock-bassist Ketil Mosnes og Eirik Moberg. Dei er begge over 30 år, og hevdar sjølv noko ironisk at dei difor er i ein alder der det er viktig å uttrykkje kjenslene sine gjennom musikken. I september gav dei ut Hello Mike Tyson-EP, og komande Laurdag spelar dei sin aller første konsert som Fjernsupport på Ekko-festivalen i Bergen.

 

8.  Duus – Med Meg

Vi har ikkje høyrd så mykje om Bergensbaserte Duus, men vi likar det vi høyrer. Med meg er ei nydeleg låt som berre blir betre og betre for kvar gong vi høyrer på den. Det kan minne om The National som plutseleg har byrja å synge på norsk, og det faller i god smak hos oss i Trigger. Sjekk ut låta sporenstreks!

Ukens spilleliste og mer kan du høre på Spotify: 

(Toppfoto: Albumcover Arcade Fire)

Anbefalte artikler