Emmy-Awards 2017: Litt politisk

I går var den store TV-Oscar-kvelden i USA. Prisutdelinga «Emmy» fant stad i den store byen Los Angeles. Prisen er den viktigaste prisen for TV-bransjen i USA og utmerka program som gjekk mellom den 1. juni 2016 og 31. mai 2017.

Sean Spicers store 30-sekunders tale

Den store sensasjonen på utdelinga hendte allereie eit kvarter etter sendestart. Sean Spicer, eks-pressetalsmann til Donald Trump, kom på scenen. Mannen fekk heftig kritikk i media for blant anna spørsmålet om kor mange menneske som var til stades under president Trumps innviing. Under prisutdelinga lurar programleiaren Stephen Colbert på om det er nokon som kan seie kor stort publikummet er: «Sean, can you tell?»

Sean Spicer rullar fram ein talepult på scenen som liknar sterkt på den han brukte som pressetalsmann i Det Kvite Hus. Han seier at det aldri har vore ei Emmy-prisutdeling med eit større publikum for han går av igjen:

https://www.youtube.com/watch?v=gOQYCw29L80

Publikummet i salen og sikkert mange heima var litt forbausa, spesielt folka frå «Saturday Night Live» som i mange episodar har laga vitsar av både Trump og Spicer. Reaksjonane til fleire personar og gjestar, som Melissa McCarthy blant anna kjent for filmen «Spy» og sitcom-serien «Mike & Molly», blei klipt inn under den korte talen til Sean Spicer. McCarthy begeistra amerikanarane i ein parodi av Sean Spicer i «Saturday Night Live» og vann ein Emmy-pris for dette.

Raskt blei det skriven mange oppslag i nettaviser og det kom opp mange innlegg om Spicers korte tale. Var dette berre for å polere på hans image at han fekk moglegheita til å gjere dette, og kva var eigentleg vitsen med det? Det var vel kanskje morosamt akkurat der og då, men litt rart likevel å sjå den originale Sean Spicer på scenen og ikkje ein parodi.

Favorittar, men utan Game of Thrones

«Saturday Night Live» var saman med «Westworld» favorittane på prisutdelinga med 22 nominasjonar kvar. Den førstnemnte vant seks Emmys, mens «Westworld» ikkje fekk nokon. Kate McKinnon og Alec Baldwin som parodierte Hillary Clinton og Donald Trump i «Saturday Night Live» fekk blant anna kvar sin Emmy.

På grunn av den seine starten til årets sesong av «Game of Thrones», blei serien ikkje tatt med som kandidat, og opna dermed moglegheita for andre. Den dystopiske serien «The Handmaid’s Tale» gjorde det til dømes veldig bra med pris for beste serie, beste manus, beste regi og kvinneleg hovud- og birolle i dramasjangeren.

Sjå alle vinnarane på Wikipedia

Anbefalte artikler