Polyamori – Ei ny samlivsform?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Polyamori

Menneskjer som kan elske og ha fleire forhold samtidig, kallar seg sjølv polyamorøse. Polyamori tyder, i følgje Wikipedia, at nokon menneskje er i stand til å ha fleire kjærleiksforhold samstundes, som alle involverte kjenner til og aksepterer. I eit polyamorøst forhold vert det opna for fleire intime og tillitsfulle kjærleiksforhold og det vert lagt stor vekt på ærlegdom og openheit.

Stiftar eigen organisasjon

Nylig vart det stifta ein eigen organisasjon for menneske som vil elska fleire samstundes, kalla PolyNorge. PolyNorge skriver på sine heimesider at dei ynskjer eit samfunn der forhold med fleire skal verta anerkjent og respektert på lik linje med monogame parforhold. PolyNorge skal jobbe for alle menneskjers rett til å leva i dei forholdsformene dei sjølv ynskjer så lenge dei er basert på informert samtykke og likeverd. Dei meiner og at alle samlivsformer og kjærleiksforhold og seksuelle relasjonar mellom samtykkande og likeverdige personar skal sidestillast. I følgje PolyNorge, treng ikkje kjærleik og seksualitet nødvendigvis berre tilhøyra forhald mellom to personar.

Å elske KORLEIS ein vil

Tidligare har ikkje-tradisjonelle ekteskap og forhold vore tabu og forbode i Noreg. Homofile fekk ikkje dei same rettane som heterofile før den nye ekteskapslova tredde i kraft frå 1.januar 2009, og etter 20 års strid og konflikt har kyrkja sitt øvste organ sagt ja til homofil vigsel i kyrkja.
Polygami, som er ein generell terminologi for ekteskap med fleire personar, er ulovleg i dei fleste land. Også i Noreg. Det er knyta ein del fordommar til polygami, og til polyamori. Mykje på grunn av at ein ofte assosierer det med lukka sektar med ufrivillige polygamiske forhold. Skilnaden mellom polygami og polyamori, er at polyamori ikkje er bunden til ein samfunnsinstitusjon som ekteskap. Det vart hevda i fleire forum at polyamori er ein meir vanlig samlivsform enn ein kanskje skulle tru.
PolyNorge vil etter kvart kjempe for at alle kan gifte seg med kven og kor mange dei vil. Dei vil ha rett til å elske på sin måte. Dette fell i dag utanfor lovverket og PolyNorge meiner dei blir diskriminert av loven.

I framtida vil kanskje stortinget måtte ta stilling til om lovverket om ekteskap må endrast for at dei som framleis ikkje passar inn under loven, skal føle seg inkludert og respektert.
Til dømes er det ikkje umogleg om det vert fleire underskriftlinjer på papir frå barnehagen eller skulen, der forelder ein, to og tre kan signere.

Høyr meir om polyamori, swingers, partnerbytte og sjalusi i programmet Kroppslig på Studentradioen i Bergen, laurdag kl. 12.00.

Lyst til å vinne noen frekke, kroppslige premier? Skriv en historie fra virkeligheten, eller en erotisk novelle, og send inn ditt bidrag til kroppslig@srib.no, eller skriv ein melding til oss på facebook.

Siste podcaster

  • Hva er schizofreni?
    ?I denne episoden av Kroppslig er Oda og Maria på plass i studio for å snakke om schizofreni! Hva er egentlig schizofreni og psykose? Hvordan kan tilstanden behandles? Til slutt, men kanskje viktigst: Hvordan bidrar stigma til å opprettholde farlige fordommer, og hvordan kan man bidra til å redusere stigmaet? Skru på for å høre mer om schizofreni!
  • Klima=Helse
    Siri har fått besøk av to medlemmer fra studentorganisasjonen Klima=Helse. I denne episoden tar vi for oss klimakrisens harde fakta og store tall, fra et helseperspektiv. Tune in for å bli engasjert og inspirert!
  • Mammografi-screening
    Kvinnehelsemåneden fortsetter, og ukens tema er mammografi-screening! Det har vært mye diskusjon rundt screeningprogrammet, men hva er det egentlig som diskuteres, og hvorfor er man uenig? Marie, Siri og Henrik er i studio, og dette er noe av det vi diskuterer i dag!
  • PCOS
    Temamåneden om kvinnehelse fortsetter, og i dag snakker vi om PCOS, polycystisk ovariesyndrom! For hva er egentlig PCOS, hvordan stiller man diagnosen, og hva kan man gjøre med det? Dette og mye mer gir Pernille, Oda og Henrik deg svar på i ukens sending!
  • Endometriose
    Det er oktober og Kroppsligs kvinnehelsemåned er igang! Dagens tema er endometriose, og det er Maria, Julian og Henrik som er i studio for å snakke om alt du måtte lure på om en viktig diagnose som har vært mye i media i det siste. Tune in!

Anbefalte artikler