Spillelisten uke 2

This content has been archived. It may no longer be relevant

UKENS LÅT: KRAST – UBEBODD

Med mykje liv og spennande lyd, susar Krast inn som ukas låt. Bandet frå Oslo har vist seg å vera supre live, med mykje erfaring. Dette året kan fort bli gjennombruddsåret, og det er bare å hoppe på toget tidleg.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/235977113″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

FINDING MUZYAMBA – NIGHTMOVES

Når du blir kalt ein norsk Kanye West, så er det det noko du kan skryte av. Finding Muzyamba klarar å lage ein unik sound som er inspirert av West, og den er perfekt å høyra på i bilen om natta.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/235302425″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

PASHA – TIE-DYE

Ein av Noregs mest lovande rapparar, som omfavner “Tie-Dye”-kulturen i rappen sin. Refrenget er superfengane og lett å synga med på med psykedelisk T-skjorte og skitten joggebukse.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/235232588″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

THE ALFRESCO FLAVOUR – GO ACE

Ikkje la dei første 20 sekundane av “Go Ace” lura deg, det er ein låt som kan beskrivast som bipolar. Tempoet endrar seg raskare enn temperaturen i Bergen by. Låta er forfriskane original og vi i Trigger ser fram til kva dei lagar i året som kjem.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/233309993″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

WINGSUITS – SUIT ME

Ser du etter litt lettare pop er bandet Wingsuits frå Trondheim noko for deg. Det er lyst og lystig med ein deilig gitar og enkel tekst om ein enklare plass. Dei skriv sjølv at dei ser etter verdensherredømme, og det blir interessant å sjå om trondheimsbandet lykkast.

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/232589578″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

LÜT – SLÆPP MÆ INN

Blir det betre enn ekte punkrock frå det kalde Tromsø? Nei. Dei fangar kulda og kjenslene som kjem med mørket i låtane sine. Ekte hovudslengsmusikk!

ATLANTER – LIGHT

Nederst på lista ligg ein av dei meir fullkomne låtene med eit lydbilde som tek deg med på ei lang reise. Atlanter frå Oslo viser mykje variasjon og ikkje minst kompetanse her. Vi i Trigger ser fram til meir!

[soundcloud url=”https://api.soundcloud.com/tracks/235302425″ params=”color=ff5500&auto_play=false&hide_related=false&show_comments=true&show_user=true&show_reposts=false” width=”100%” height=”166″ iframe=”true” /]

Anbefalte artikler