Mother, Where Art Thou?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Me har alle vore der, vandra rundt i det store kjøpesenteret med mor og kost oss med ein skulebolle. Me aner fred og ingen fare, då “BAM!”. Mor har forsvunnet. Redde og forfjamsa står me med bollen i handa og ei tåre byggjande i augekroken, i desperat leit, heilt til det kjem eit par snille mennesker som tek hand om oss og lyser etter mor over høgtalaranlegget.

Studentteateret Immaturus befinn seg i nokelunde same situasjon, dei har mista mor si, og har no leita av og på sidan milleniumsskiftet! Me i Studentmorgen såg oss nødt til å ta på oss rolla som kjøpesentervakta, og bruke våre eigne høgtalarar.

25 års jubilant

Logo 25
Immaturus fyller 25 år i år. (Foto: Immaturus)

Immaturus vart etablert i 1990 av ei tysk utvekslingsstudent med namn Ulerikke Klages (evt. Ülerike) som den gang satte opp ein norsk versjon av stykket Der gute Mensch von Sezuan (Det gode mennesket fra Sezuan) av Brecht. Ulerikke kom fra Bonn i Tyskland for å fullføre eit semester i Bergen, og etterpå reiste ho heim att. Lite visste ho at ho var første regissør og opphav til teatergruppa som fekk namnet sitt to år seinare, i 1992. I år feirer Immaturus 25 årsjubileum og vil i den sammenheng få kontakt med si mor og invitere ho på fest.

Ülerike, Sie sind unsere Mutter!

Studentmorgen fekk forrige onsdag besøk av Liv og Hedda ved Immaturus som kunne fortelle at dei hadde kontakta alle Uleriker på Facebook og ringt alle Ulerikene i telefonkatalogen i Bonn, men dessverre uten hell. Éin ting er sikkert: Om dei finn ho skal det første dei seier være ¨Ulerikke, me trur du er mora våres¨, ein åpningsreplikk som i minste fall kan kallast spenstig.

Du kan høyre intervjuet med Liv og Hedda her:

Eit kall etter dagens Sherlock Holmes, evt. Tore på Sporet

Me i Studentmorgen legger herved ut eit kall til vår tids Sherlock Holmes om hjelp. Me skjønner at Benedict Cumberbatch kanskje er oppteken, men du der heime kan hjelpe ved å bedrive litt online reasearch i vår særs digitale kvardag. Om du heller ser deg sjølv som Tore på Sporet godtek me sjølvsagt det også.

Reddit er allereie på saken, og brukere der har nemnd at ho kan ha skifta etternamn om ho er gift. I ei tid der krim og gåter går som det suser, skulle dette passe rett inn. Me ynskjer alle hjartleg velkommen i søket, og lykke til!

Litt starthjelp finner du på Immaturus’ nettside, på Reddit og på følgende Facebook-post:

https://www.facebook.com/immaturus/posts/950795231610936?reply_comment_id=950918874931905&total_comments=2&comment_tracking=%7B%22tn%22%3A%22R2%22%7D

Anbefalte artikler