Korleis overleve eksamen?

This content has been archived. It may no longer be relevant

Prokrastinering: Alle studentars favorittutrykk. Særleg no som dagane vert lysare, sola kikkar fram, fuglane kvitrar og livet verkar litt lettare. Likevel står me stakkars studentar ovanfor skuleårets verste utfordring: Eksamen.

Ikkje berre éin, men kanskje opptil fleire eksamenar legg seg som ei tung byrde på dei unge skuldrene våre (som snart vert stive og støle under tyngda av enorme bunker pensum) og det vert litt vanskelegare å nyte varme solskinsdagar. For ein får jo frykteleg dårleg samvit dersom ein heile tida går og utsetter den eine dagen med lesing etter den andre. Men så er det til gjengjeld ikkje så ofte sola skin over Vestlandet. Også burde ein jo kanskje vaska litt klede snart, eller sett dei neste episodane av Game of Thrones eller kanskje byrje å trene?

Mentaltrenar, tidlegare elitesoldat og forfattar av boka ”Tenk som en kriger”, Tommy Fjeldheim, meiner det er små justeringar og endring av teknikkar i kvardagen som må til. Tipsa hans er kjempegode, og dei kan du lese meir om her eller høyre om i podcasten i bunnen av saken.

Då dei aller fleste studentar kjenner på stress no for tida har me i Vitenskrap latt oss inspirere av mentaltrening, takling av eksamensstress og sjølvdisiplin, og gjev deg her ni tips for korleis akkurat DU der ute kan overleve eksamenshelvetet og gjere prokastineringa pittelitt gøyare.

Prokastiner med måte

Så lenge du les denne artikkelen først.

Slutt å klage

Alle gjer det, alle kjenner seg betre av det og ein føler seg mindre aleine i den forferdelege, dumme, slemme, vanskelege verda me lever i. Men likevel tek det så vanvittig masse energi og tid og krefter. Bruk heller tida på å gjera noko, i staden for å bruke kaloriar på å opne munnen og klage på sinnsjukt kjedelege, uinteressante, vanskelege og unødvendige dritteksamenar.

Lag ein ny og passande spilleliste

Dette er sjølvsagt essensielt for å få konsentrert seg, overdøyve bråket på Studentsenteret eller berre som pause og terapi for ein utsliten student.

Ta ein ting om gongen

…i ditt eiga tempo. Les pensum, sjekk deretter sosiale medier, nyhende og festivalbilettar etter tur. Ikkje multitask, det tar berre unødvendig energi ein kan bruke på andre ting, som å lage kaffe eller dusje. Lev i nuet, ikkje bekymre deg, nyt å sjekke Instagram, les ei side eller to, et litt sjokolade, et lunsj med vennene dine. Det er innafor, så lenge det går framover.

Ta ein pause

…og høyr på Studentradioen i Bergen for god underhaldning, tips og triks og avbrekk i ein stressande kvardag. Det er viktig med pausar, så lenge dei ikkje dominerer dagen. Men det er jo også viktig å sjekke om det har kome noko nytt og spennande i kjøleskapet, eller om han der kjekke fremdeles sit i kantina på Studentsenteret. Elles kan pausen også kombinerast med sjekking av sosiale medium, eller endå betre: sosialisering med andre slitne studentar.

Sov nok og slapp av

Dette er sjølvsagt vanskeleg. Det er mai, lyse kveldar og konserttilbodet i Bergen vil ingen ende ta. Det er jo absolutt lov til å unne seg ein frikveld eller to (eller tre), så lenge ein er opplagt nok til å jobbe godt og effektivt andre dagar. Pass på å sov meir enn ti timar helst nokre gonger i veka, slik at du veg opp for dei kveldane du ikkje sov så mykje.

Slutt å samanlikne

…deg sjølv med andre. Seriøst. Ein har alle sine eigne måtar å arbeide på, og sjølv om nokre kanskje skummar gjennom pensum utan problem, må andre løyse oppgåver og repetere fleire gongar før dei hugsar ting. Men det er greit. Bruk heller tid på å faktisk lese enn å mase på andre om kor langt dei har komme og kor mykje dei har gjort. Dette er ekstremt irriterande og stressande for ALLE, spesielt når du (som meg) kanskje ikkje eingong har begynt på fleire hundre siders pensum sjølv om absolutt alle andre har det.

Lag ein plan

Det er OK å sette av enkelte dagar til lesing, slik at ein kan unne seg ein dag fri når ein verkeleg skulle trenge det, eller når ei venninne plutseleg skal feire bursdagen sin. Det er også viktig å høyre på Vitenskrap sine sendingar klokken 12-13 på måndagar.

Ikkje stress

Høyr podcasten vår, sett av nokre timar til å google ulike studieteknikkar, finn din måte å jobbe på.

Slapp av, det er snart over.

Berre ein fase, noko alle må gjennom her i livet. Heldigvis er me ikkje aleine. Så litt prokrastinering er greit då. Men no må eg faktisk byrje å lese til eksamen. Skal berre skrive ferdig nettsaken, ete middag, sjå ”how Matthew McConaughey reacts to the new Star Wars movie” og gå på konsert først. SNX.

Siste podcaster

    Anbefalte artikler