Fargefest til Bergen

This content has been archived. It may no longer be relevant

Eit femkilometers gateløp kor målet er å springe fortast frå A til B går det tretten på dusinet av. I så måte skil ikkje Color Me Rad seg så mykje frå andre: Det er eit gateløp over fem kilometer kor ein spring frå A til B. Men når det gjeld alt det andre, så er det natt og dag.

Den 19. september kjem galskapen til Bergen.

Inferno av fargar

For der mange andre gateløp prøver å vere noko for alle, så er Color Me Rad langt på veg eit løp som faktisk er for alle – enten du er aktiv eller inaktiv – ein fargerik person eller ei grå mus. Du må berre tole litt fargar.

Johan Berglund i Color Me Rad Skandinavia utbroderer:

– Dette er eit arrangement der alle kan delta, frå ung til gammal. Ein kan ta med barna og ein treng ikkje springe: ein kan gå, krype eller gjere kva ein vil. Det finst ingen vinnarar i dette løpet, ein spring i lag for å ha det fett.

Det som startar med ei kvit t-skjorte blir gjennom dei neste fem kilometrane eit “inferno” av fargar frå fargesprayar og fargebomber.

Løpet, som er meir av ein fargefest, er utan tidtaking noko som gjer at brorparten brukar god tid på å kome seg gjennom løypa. Vel i mål fortset festen og stemninga med endå meir fargar og konsert.

Fargane som brukast er frå farga maisstivelse, utan giftige tilsettingsstoff, og skal derfor ikkje vere farleg for kropp, hud eller natur. Likevel er det neppe eit draumearrangement for personar med astma og pusteproblem.

Suksess i Oslo

Det er altså i september at Color Me Rad kjem til Bergen, medan Oslo får besøk månaden før. Desse er dei einaste to norske byane som får besøk i denne omgong. Det er førebels ukjend kva rute løpet i Bergen vil ta.

I fjor var fargefesten reservert Oslo og Holmenkollen. Det blei ein stor suksess kor arrangørane kunne slå fast at nærmare 6000 deltakarar fant vegen.

– No kjem vi til Bergen etter eit godt mottatt løp i Oslo i fjor. Vi merkar at interessa er stor for dette i Bergen og derfor ønsker vi å gje bergensarane moglegheita til å oppleve dette fantastiske arrangementet, fortel Berglund.

For dei rasjonelle menneska som fryktar at sminke og farge skal renne på ein våt og regntung løpsdag i september, har Berglund nokre roande ord til.

– Stundom regner det under våre løp, og då blir denne løpsfesten endå meir gal og gøy!

Verdsomspennande

Color Me Rad blei for første gong arrangert i Salt Lake City, Utah i 2012. Sidan har arrangementet vekse seg større og større, og finst no i heile USA og halve verda elles.

Det liknande konseptet The Color Run kjem også til Norden i løpet av 2015, men førebels er ikkje Noreg og Bergen med på deira turnéliste.

https://www.youtube.com/watch?v=0IBUddknawg

Så er spørsmålet om dette blir den store “snakkissen” blant bergensstudentane etter at haustsemesterets fadderveke har lagt seg. Nærmare seks tusen har allereie meldt sin ankomst på den offisielle Facebook-hendinga berre eit par dagar etter offentleggjering.

Anbefalte artikler