Zombiar herja bergensgatene

This content has been archived. It may no longer be relevant

Dessverre er toget gått for denne gong. For i helga måtte laurdagshandlande i sentrum rømme inn i butikkane då eit lite lass med zombiar gjekk på tur gjennom gatene.

Zombi-fascinasjon

Ein såkalla “zombi walk” er kort og greit ei offentleg samling av menneske utkledd og sminka som zombiar. Felles for dei alle er ein eller annan fascinasjon og spenning knytt til zombiar. Saman plar ein å gå i tog gjennom bygater på jakt etter ferskt kjøtt og blod som ein kan fortær… Neida!

For moderne zombiar flest er fromme som lam, det gjeld også zombiane i Bergen. Det kunne Yvonne Borlaug, arrangør for Zombie Walk Bergen, stadfeste. Ho besøkte Studentmorgen dagen før zombi-invasjonen, men kunne også røpe at i alle fall nokon låg an til å bli skremt.

– Vi har vore i kontakt med politiet, og dei er kjemperedde.

Lytt til første del av intervjuet her:

Yvonne Borlaug i studio hjå Studentmorgen. (Foto: Erlend Kristiansen)
Yvonne Borlaug i studio hjå Studentmorgen. (Foto: Erlend Kristiansen)

Politi-skepsis

Men politiet var først og framst redd for at andre skulle bli redd. Borlaug tok nemleg kontakt med politiet i Bergen i førebuinga til zombi-laurdagen, for å informere om kva arrangement ho ville stelle i stand og få alt det formelle i orden. Ho opplevde å få positiv respons direkte, men eit par dagar seinare hadde pipa fått ein anna lyd.

– Eg fekk telefon av ein politimann om at dette her likte han ikkje. Blod og gørr, og folk som kler seg ut som døde og som skal gå rundt i gatene.

Så plutseleg var tillatinga inndratt og arrangementet som berre var nokre dagar unna, sto i fare. Lobbyverksemd blei sete i gang, og til slutt fekk ein hjelp frå litt høgare hald i politi-hierarkiet. Ein fekk tak i visepolitimeisteren, og når han stilte seg positiv og gav grønt lys, var alt lagt til rette for zombi-fest i Bergen.

Om politimannen som først ringte og avviste zombi-walken hadde Borlaug mindre til overs for.

– Eg trur han som ringte meg snakka litt på personlege meiningar, seier Borlaug om politimannen som kanskje har zombi-skrekk.

Lytt til andre del av intervjuet her:

(Foto: Yvonne Borlaug)
Ei som mista munn og mæle. (Foto: Yvonne Borlaug)

Ein viktig regel

Heldigvis blei det zombi walk til glede for dei mange som kunne kome ut av zombi-skapet, ein aktivitet som stort sett elles berre er godkjent på Halloween.

Sjølv om det var einskilde reglar og innskrenkingar for zombiane sine potensielle herjingar i sentrum, så var det god stemning blant dei frammøtte. Den siste påpeikinga i Borlaugs regelsett var likevel den viktigaste:

“Have fun and enjoy the walk of the dead! Gi alle en god opplevelse, slik at vi kan gjøre dette igjen!”

Zombie Walk-toget på veg over Torget. (Foto: Yvonne Borlaug)
Zombie Walk-toget på veg over Torget. (Foto: Yvonne Borlaug)

Nytt fenomen?

Om du var mellom dei som trudde at eit zombi-tog var eit heilt ny og gal greie, så må du tru omatt. Faktisk har det blitt eit verdsfenomen etter at det starta opp i Canada på begynnelsen av 2000-talet. I hovudstaden vår har ein allereie arrangert zombi walk fleire år.

No var tida altså komen til Bergen, og ein ser kanskje ein tradisjon i emning mellom dei sju fjell. Du veit i alle fall kva du skal sjå fram til neste haust, om du ber på ein zombi i skallen.

Sjekk også ut Bergen Student-TV sitt innslag frå Zombie Walk Bergen.

Anbefalte artikler