Europa, erosjon, erindring: Episode 4

This content has been archived. It may no longer be relevant

Høyr episode 4 av radiodokumentaren Europa, erosjon, erindring:

LES OGSÅ: Europa, erosjon, erinding: Episode 1Episode 2 og Episode 3.

Fasjonabel kurby

Allereie på 1200-talet var det kjent av kjeldene i denne dalen, som tidlegare var dekt av fuktig myrlandskap, hadde lækjande eigenskapar. Dei første dokumenterte oppkoma av mineralvatn, bar namnet Auschowitz-kjeldene. Området høyrde opprinneleg til Teplá-klosteret, og det var abbed Karel Kašpar Reitenberger, som saman med legen Jan Josef Nehr fekk bygd det første spaet i 1805. Fram mot 1820-åra følgde kultivering og utbygging av klassisistisk arkitektur, paviljongar og hagegangar. Marienbad fekk bystatus i 1865, og hadde sin gullalder i åra frå 1870 fram til første verdskrig. Rekkjer av hotell i art nouveau-stil stod omslutta av kunstferdige parkar, skogstiar og utsiktspunkt. Dei lækjenade mineralkjeldene og kurbada trakk til seg berømte og kongelege frå heile Europa. Biletet syner den syngande fontenen like ved byens hovudgate, samt enden av hovudkolonnaden, som strekkjer seg over promenadeplassen.

Syngande fontene

Kolonnaden

Arkitektar frå Wien står bak støypejernkolonnaden i nybarokk stil. Kolonnaden stod ferdig i 1889, og er eit ikon for tsjekkisk spakultur. Freskane i taket er av kunstnaren Josef Vyleťal, og skal syne menneska sin lengt etter å kunne flyge.

Kolonnade2

Byplanen

Hovudgata i Marienbads pløyer ei absolutt rett linje gjennom skoglandskapet. Vegg i vegg står ei endelaus rekkje jugendhotell, med fasadne tunge av ornamentale gavlar, runde tårn, og klasar av balkongar.

Skilt

Palace Hotel

Nett som Austerlitz og Marie de Vernuil, bur vi på Palace Hotel. Det kanarigule slottet er plassert der hovudgata skrånar opp mot den skogkledde åsen, som dannar bakteppet for kulissane frå byen si stordomstid.

Hotell

Smuldrande fasadar

Fleire gamle hotellabygningar lemnar liten tvil om at badebyen sine glansdagar for lengst er over. Austerlitz opplever desse flengde murane som eit bilete på hans tilstand. Forsvarsverket Austerliz har reist i sitt indre går i kurbada sakte i oppløysing. Han opplever fasadane som framande, men også som uhyggjeleg kjende.

Forfall

Heimsaakt

Framandgjerande dessert

“Vi hadde, husker jeg, sa Austerlitz, bestilt en is, eller, som det viste seg, en islignende konfekt, en gipsaktig masse som smakte potetmel, og hvis fremste egenskap var at den ikke smeltet på over en time.”

Iskrem

Bymuséet

Bygningen som husar bymuséet er ein av byens eldste, og var opprinneleg vertshuset Den gyldne drueklase. Muséet har ei avdeling dedikert til Goethe, som budde her under sitt opphald i 1923. Der er også ei historisk og ei geologisk avdeling, som syner utvikling av Marienbad og omegn. Fotografiet syner gamle røyr, kraner og kar som vart nytta i spaterapien, og i bakgrunnen ein illustrasjon av hovudgata, kringsett av parkar og turområde, med sine hotell og spaserande gjestar.

Museet

Wall of fame

Både Chopin og Wagner er baldt dei som har gjesta Marienbad, og Johann Wolfgang von Goethe hadde tre opphald her i 1820-åra. I hotellparadisets gullalder mottok Marienbad mellom andre Gustav Mahler, Friedrich Nietzsche, Sigmund Freud, Franz Kafka, Rudyard Kipling, Thomas Alva Edison og Alfred Nobel. Også Henrik Ibsen har ei gate kalla opp etter seg her. Av kongelege besøkande kan nemnast kong Edward VII av England, russlands tsar Nikolai II og keisar Franaz Joseph I av Austerrike. Mark Twain skildrar Marienbad i eit reisebrev frå 1892 med tittelen “An Austrian Health Factory”:

“A couple of hours from Bayreuth you cross into Bohemia, and before long you reach this Marienbad, and recognize another sharp change…from an architecture totally without shapeliness or ornament to an architecture attractively equipped with both…There are only two or three streets here in this snug pocket in the hemlock hills, but they are handsome. When you stand at the foot of a street and look up at the slant of it you see only block fronts of graceful pattern, with happily broken lines and the pleasant accent of bay projections and balconies in orderly disorder and harmonious confusion, and always the color is fresh and cheery…The steep hills spring high aloft from their very back doors and are clothed densely to their tops with hemlocks.“

Celebs

Lækjande mineralkjelder

Der er over 100 mineralkjelder i området rundt Marienbad. Fleire er lagde i røyr og leia til kolber eller kraner i små tempel og paviljongar. Rudolfkjelda er vår destinasjon.

Kjelder

Periegesis

Eit oppgjer mellom Austerlitz og Marie de Vernuil er lagt til Rudolfkjelda ved kveldsskumring. Som desse to går vi forbi hovudkolonnaden og vidare langs ein smal sti, passerer Ferdinandkjelda gjennom ein einsleg tempelfasade midt ute i marka, før stien på den andre sida leiar oss inn i ein liten skog.

Bokside

Rudolfkjelda

“…jeg ser også andre badegjester, for det meste damer, bleke og litt gulnede, vandre i dype tanker på de svingete stiene, fra det ene kildetempelet til det andre, og i en elegisk stemning følge skuespillet til skyene som trekker sakte bort over den trange dalen…”

Rudolfskjelda2

Prøvesmaking

Vatnet frå Rudolfkjelda skal hjelpe mot urinrørsplager. Hundre år tilbake drakk gjestane av mineralkjeldene for lindring av “fedmen som bredte seg sterkt i borgerskapet på den tid, mot fordøyelsesplager, treg tarm og andre tilstoppelser i underlivet, uregelmessig menstruasjon, skrumplever, galleforstyrrelser, giktlidelser, hypokondri, nyre-, blære- og urinveissykdommer, hovne kjertler og deformasjoner av skrofuløs art, men også av svekkelser i nerve- og muskelsystemet, slapphet, skjelving på hendene, lammelser, utflod med slim og blod, langvarig utslett og nesten enhver anen sykelig forstyrrelse…”

magnus

Balmoral Hotell

På søken etter tapt fortid får Austerlitz vite at han ein gong har vitja Marienbad som barn. Tre sommarveker tilbrakte han her i 1938, saman med sine foreldre, før han vart sendt frå Praha til London med Kindertransport, og før hans mor vart deportert frå Holešovice stasjon til Theresienstadt: “Ennå i fjor sommer reiste vi herfra til Marienbad.” Under opphadet budde familien på pensjonatet Osborne-Balmoral, like bak Palace Hotel. Her var det også at Kafka, som Sebald stadig refererer til i sine tekstar, budde i midten av juni 1916, saman med sin trulova Felice Bauer.

Balmoral

Badenymfar

Ikkje berre badegjestane, men heile dalen, med sine herskapshus lik eit snøkvitt korallrev, står liksom under vatn. Gurglelyden frå den syngande fontenen fortaper seg i djupet, idet toget tek oss vidare til Praha, til Austerlitz si gamle barnepike i bydelen i Malá Strana.

Nymfer2Europa, erosjon, erindring er ein radiodokumentar i seks episodar, produsert for Studentradioen i Bergen i 2012 med støtte frå Medietilsynet. Sitat er henta frå Sebald, W. G.: Austerlitz (2005) Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. Omsett av Geir Pollen.

Anbefalte artikler