This content has been archived. It may no longer be relevant
LES OGSÅ: Europa, erosjon, erindring: Episode 1
Det er i Antwerpen romanen opnar, og det er i denne hamnebyen romanens forteljar har sitt første møte med den framande arkitekturhistorikaren Austerlitz. Antwerpen er Belgias nest største by, med ein arkitektur prega av århundre med handel, ekspansjon og imperialisme. Biletet syner dei forgylte bygningane nytta av byens handelslaug på 1700-talet. Antwerpen har ifølgje Store Norske Leksikon sitt franske namn Anvers av ant ( ‘imot’) og werpen (‘kaste’), etter dei store sandbankane som er blitt kasa opp igjennom tidene der elva Schelde buktar seg mot vest. Høyr episode 2 av radiodokumentaren Europa, erosjon, erindring:
Antwerpen Centraal Station
Lik romanens forteljar, glid også vi over ein underleg middelalderviadukt og inn i ankomsthallen til Antwerpen Centraal Station. Denne overdådige transportkatedralen vart reist ved overgangen til det 20. hundreåret, som eit massivt symbol på kongrikets økonomiske kraft. Arkitekten Louis Delacenserie nyttar ei eklektisk blanding av stilartar. Proporsjonane er utan sidestykke, og vitnar om det tidlegare koloniveldets brutalitet.
Ventehallen
Salle des pas perdus hjå Antwerpen Centraal Station. Ved omsetjing har dette franske uttrykket for venterom tydinga “rom for tapte trinn”. Ved første møte er Austerlitz oppslukt av å dokumentere ventehallens arkitektoniske detaljar. Lyktene er av nyare tid, og skal minne om snøklokker.
Imperialismens katedral
Innsida av kuppelen over Antwerpen Centraal Station, med utforminga inspirert av Pantheon i Roma. Domen ragar ryggkrummande seksti meter over marmorgolvet i ventehallen. Å sjå opp er som å stire inn i det klåraste havdjup.
Göttin der vergangenen Zeit
Under det forgylte uret i jernbanerestauranten, sit i romanen ei kvinne med krosslagde bein og oppsett hår og filar naglane konsentrert. Austelitz kallar henne gudinna over tid som er forgangen. I hennar stad helsar vi no på ei noko forundra kone som, medan ho vaktar inngangen til kvinnetoalettet, får tida til å gå med strikketøyet.
Ankomsthallen
Lidenskapleg ingeniørarkitekt, Koen van Lancker, tråklar oss gjennom ventehallens kronglete fasade, og ut til galleriet med utsikt over stasjonens ankomsthall. Dei mange avsatsane og balkongne som prydar ventehallen, har ingen funksjon utover det ornamentale, og like bak fasaden har stasjonens administrative lokaler eit langt meir verdsleg preg. Ankomsthallen leier til byens Diamantkwartier, som husar fleire hundre diamantforhandlarar. Antwerpen har i over fem århundre vore ein sentral by for sliping og sal av diamanar frå fjerne strøk.
Nomaden
Frå eit av stasjonens kontorvindauge, får vi auge på bronsestatuen som er plassert like ved inngangen til Antwerpen Zoo. Den belgiske skulptøren Josué Dupon har formgitt statuen Sebald skildrar, “den fullstendig irrete negergutten som har stått alene med sin dromedar mot den flamske himmelen et århundre, høyt oppe på et kanapptårn på venstre side av stasjonsfasaden, liksom et minnesmerke over de afrikanske dyrenes og innfødtes verden”. Skildringa lyd noko banal, men poenget er truleg at statuen i grunnen er urøyrleg og taus. Det er i staden synet av dei ventande menneska i Salle des pas perdus som gir forteljaren erkjenning om vandring og deportasjon.
Antwerpen Zoo
Allereie på romanens første side søkjer forteljaren tilflukt frå “hodepine og vonde tanker” i Antwerpen Zoo like ved sentralbanestasjonen. Dyrehagen opna sommaren 1843, og er ein av verdas eldste. Fleire av dei gamle inhegningane har eit orientalsk preg, som palasset for eksotiske fuglar. Ein mektige hovudinngangen gir kjensla av å tre inn i ein løynd tempelby eller eit fiktivt kongedøme i jungelen. Det egyptiske tempelet vart reist i 1856, og husar idag parkens elefantbestand og sjiraffar.
Menasjeri og tivoli
Romanens forteljar har ei særskilt levande forestilling av at det også bak gelendera til dei talrike nisjene og balkongane i ventehallen skjuler seg ville dyr og sjeldne artar. Den eldrarude stålkvelvingen som utgjer stasjonens ankomsthall, er godt synleg bak sjøløvebassenget, og forsterkar inntryket av togstasjonen som eit eige lite tivoli inne i parken.
Nokturamaet
Foreljaren søker tilflukt i dyrehagens nokturama, der eit kunstig nattemørke sluttar seg om vegetasjonen, raslande av gangarar og rovfuglar i sine trollkabinett. Auga til desse nattdyra minner forteljaren om det forskrekka blikket til enkelte målarar og filosofar, som med tanken og blikket trengjer inn i mørket. I denne delen av boka, er der bilete av to par ugleauge og utsnitt av auga til to menneske. Det første syner filosofen Ludig Wittgenstein, som Austerlitz fleire gonger vert samanlikna med. Dei andre auga tilhøyrer målaren Jan Peter Tripp, ein gamal skulekamerat og nær kjenning av Sebald sjølv. Kontrasten mellom uglene sine maniske pupillar og mennene sine mørke, oppfordrande blikk er imidlertid tydeleg. Nokturamaet har i romanen kun vore opne eit par månadar, som tyder på at året er 1968. Forteljaren hevdar imidlertid at møtet med Austerlitz finn stad i 1967.
Krigsarkitektur
Det gamle forsvarsverket er knapt lenger synleg i sentrum av den tidlegare festningsbyen Antwerpen. På kartet kan ein imidlertid observere små stjerneformasjonar danne ein boge i byens ikringliggande landakp. Grunna kanonar med stading lengre rekkjevidde og sprengstoff med aukande øydeleggingskraft, var det naudsynt med sterkare vern. Ved overgangen til 1900-talet vart det derfor bygd fortifikasjonar i ein stadig vidare krins utanfor byens indre befestning. Med Fort Breendonk strekkjer festningsverket seg til småbyen Mechelen, 20 kilometer sør for Antwerpen senturm. Forsvarslinja var dermed nærmare 95 kilometer lang, og festningsstrategien var allereie utdatert då Fort Breendonk stod ferdig i emninga av første verdskrig. Frå 1940-44 vart fortet nytta av tyske styrkar som arbeids- og straffeleir. 300 fangar miste livet her, ved avretting, tortur eller som eit resultat av tilhøva.
Breendonk Memorial
“Det var uvanlig varmt for årstiden, og store haugskyer tårnet seg opp over horisonten i sørvest da jeg krysset broen med inngangsbilletten i hånden…Uansett fra hvilken synsvinkel jeg forøkte å ta anlegget i øyensyn, røpet det ingen arkitektonisk plan… i en slik grad at jeg til slutt ikke kunne forbinde det med noe jeg kjente til, som var formet av den menneskelige sivilisasjon… ”. Allereie i 1947 vart Forte Breendonk omgjort til eit nasjonalt minnemerke. Forteljaren reiser hit etter at Austerlitz har snakka om fortets historie og arkitektur. Biletet syner konservator Olivier Van der Wilt, ståande på brusteinsbrua som leier over fortets vollgav. I bakgrunnen eit belgisk flagg, i sommarbrisen over det flate myrlandskapet.
Utanfor kasemattane
Med omsyn til komparativt litterært undersøkjingsarbeid og forholdet mellom fiksjon og sanning, kan vi stadfeste at betongkontruksjonen er lågare i røynda enn kva bileta i boka tilseier. Truleg ein konsekvens av at Austerlitz sine fotografi i liten grad romar dei levande.
Torturkammeret
Trinnvis kan vi følgje den stadig trongare korridorern Sebald skildrar nedover mot Breendonks torturkammer. Romet liknar mest ein gamal vaskekjellar, og dei kalde murveggane gir ei presserande kjensla av å vere omslutta av jord. Sebalds skildring av torturmetoden byggjer på forfattaren Jean Améry sine erfaringar frå fangeleiren i Fort Breendonk. I Sebald sitt essay “Med nattfuglens øyne. Om Jean Améry”, kan ein lese Améry si direkte, men prosasiske skildring av korleis han vart bakbunden og suspendert til skuldrane sprang ut or ledd.
Slutten, og vegen vidare
Romanen endar med at forteljaren vender tilbake til Fort Breendonk, nesten tretti år etter sitt første møte med Austerlitz. Sitjande ved vollgrava les han boka Heshel’s Kingdom, om forfattaren Dan Jacobsons søken etter sin jødiske bestefars historie. Etter bestefarens tidlege død i 1919, utvandra bestemora frå Litauen til Sør-Afrika. Slik unnslapp familien jødeforfølginga tjue år seinare. Jaconson vaks opp i den sør-afrikanske byen Kimberley, like ved dei same gruvene som under diamant-rushet etter 1866 forsynte Antwerpens diamantdistrikt med edelsteinar. Dei avgrunnsdjupe gruvene vert Jacobsons bilete på tilinkjesgjeringa av familiens fortid. Det er ein streng, men fredeleg slutt når forteljaren les om utviskande mørke ved ein hitroisk minnnestad. Idet toget vårt forlet Antwerpen Centraal Station neste kveld, følgjer vi Austerlitz til Paris, der han vil forsøke å finne spor etter sin far.
Europa, erosjon, erindring er ein radiodokumentar i seks episodar, produsert for Studentradioen i Bergen i 2012 med støtte frå Medietilsynet. Sitat er henta frå Sebald, W. G.: Austelritz (2005) Gyldendal Norsk Forlag, Oslo. Omsett av Geir Pollen.