Barneforteljing på tre timar

This content has been archived. It may no longer be relevant

I dag er det den internasjonale barnebok-dagen, i følgje organisasjonen IBBY (International Board on Books for Young People).  Organisasjonen vart grunnlagd i Sveits i 1953 for å spreie kunnskapen om barne- og ungdomslitteratur.

EI FEIRING

Vi tok feiringa på ein litt annan måte, og bestemte oss for å skrive ei barneforteljing på tre timar. Lyttarane kunne sende inn meldingar som endra historia med tanke på karakternamn, dramaturgi og kva vending forteljinga skulle ta.

Utover sendinga vart stafettpennen gitt vidare frå medarbeidar Aleksander, til medarbeidar Veronica og til programleiar Truls. Forteljinga endra seg drastisk etterkvart som vi bytta på å skrive ferdig forteljinga.

DET STORE FJELLET OG DEN LILLE SKYA

Det var ein gong ein sky og ein fjelltopp. Skya var sky og torde ikkje å snakke med fjelltoppen. Fjellet var eit kjepphøgt fjell og følte seg alt for viktig for den lille skya.

Ein dag byrja sola å skine på den store fjelltoppen. Han kosa seg i solskinet for då slapp han å snakke med dei kjeledelege skyene. Det blei dagar og veker før solskinet forsvann. Etterkvart begynte fjelltoppen å bli tørrare og tørrare.  I byrjinga var dette greitt, men så byrja fjelltoppen å bli einsam. Alle dyra flytta frå fjellet og etterkvart flytta også trea og plantane frå fjelltoppen. Fjelltoppen var heilt fortvila og visste ikkje kva han kunne gjere for å få dyra, trea og plantane tilbake.

”Kva er det som er gale med meg? Flyttar dei fordi eg er blitt så tørr og varm?” Tenkte fjelltoppen. Fjelltoppen tenkte for seg sjølv ei stund. ”Kunne ikkje eg også flytte på meg?” Tenkte han. Han måtte innrømme at det ikkje var fullt så koseleg når dyra, trea og plantane som til vanleg hadde gått på han flytta sin veg. Og det til tross for at han vanlegvis ikkje snakka så mykje med dei. Fjelltoppen sukket for seg sjølv. Han var jo for stor til å flytte på seg hadde han skjønt. ”Eg får vel berre stå her for meg sjølv” Sa han til seg sjølv.

Fjelltoppen følte seg så trist at han kunne ha felt ei tåre, men sjølv det var han for tørr for. Plutseleg blei det kjøligare i lufta. Vinden tok seg opp og fjelltoppen kjente den kjøle ned steinane på toppen. Fjelltoppen opna auga og såg nedover. Like ved han svevde den lille skya.

Sakte men sikkert kom den lille skya nærare. Den lille skya hadde i fleire dagar haldt auge med den einsame fjelltoppen i horisonten. Den lille skya hadde sett at fjelltoppen hadde blitt tørrare og tørrare. Den lille skya hadde nok mot til å hjelpe. Skya hadde henta vatn frå nabofjellet og var villig til å hjelpe den tørre fjelltoppen.

Det tok ikkje lang tid før fjellet fekk meir energi av vatnet som den lille skya hadde tatt med seg. Litt etter litt kom trea, plantane og dyra tilbake til fjelltoppen. Alle var glade for at den lille skya hadde med seg vatn til fjelltoppen. Alle var glade for at den lille skya hadde med seg vatn, men gladast av alle var fjelltoppen for han hadde fått seg en ny bestevenn.

Forteljinga er skriven av Aleksander Nygård Tonheim, Veronica W. Hansen og Truls Lier.

Heile forteljinga kan du høyre her:

[audio:https://srib.no/wp-content/uploads/2014/04/barneforteljing.mp3]

Anbefalte artikler